Framande planteartar

Framande planteartar

Framandartar er organismar som opptrer utanfor det området dei kan spreie seg til naturleg utan hjelp frå menneske. Ein framandart som får etablere seg i nye områder er ein trussel for det stadeigne naturmangfaldet. Arten kan ta over ressursane til dei «innfødde» artane og dermed utkonkurrere dei.

Mange av planteartane ein finn i hagar og grøntanlegg er introduserte artar. Ein del av dei vart introdusert allereie på 1800-talet då dei var sett på som prydplanter. Ikkje alle er like truande for naturen, men nokre kan spreie seg veldig aggressivt. Spreiing skjer ved til dømes utsetjing, dumping av hageavfall, flytting av jordmassar, rømming eller frøspreiing frå områder der planta har etablert seg. Vegar og vassdrag er også viktige spreiings ruter. Her i  Noreg har vi ei liste over planter, dyr og andre organismar som ikkje finns naturleg i landet (Fremmedartslista 2018).

I Ørsta kommune har vi omlag 40 framande planteartar. Vi planleggjar å få kartlagt åtte av dei mest aggressive artane slik det kan utførast tiltak for nedkjemping.

Dei mest aggressive framandartane

Tromsøpalme og kjempebjørnekjeks
Parkslirekne, kjempeslirekne og hybridslirekne
Kjempespringfrø
Legepestrot
Fagerfredløs

Ettersøkt – framandartar

Kva kan du gjere ?

  • Gjer deg kjend med kva artar som er framande nasjonalt ved å søke i Fremmedartslista.
  • Om du har framande artar i din hage må du passe på at desse ikkje spreiar seg frå eigedomen din. Om dette ikkje er mogleg bør du vurdere å erstatte  planten med ein annan.
  • Spreiing frå privat eigedom er ditt ansvar. Om du har ein art som spreiar seg med røter kan denne til dømes plantast i eit kar som gjer at spreiing ikkje er mogleg. Artar med frøspreiing er vanskeleg å kontrollere og bør bli vurdert erstatta.
  • Ikkje kjøp framande artar til hagen din frå hagesenter, og ikkje overfør slike artar frå ein anna stad og inn i eigen hage. Sjølv om nokre av dei er fine, og sjølv om du ikkje ser at dei utgjer eit stort problem lokalt, så er dei eit problem ein annan stad og kan fort verte eit problem nær deg. På hagesentera er dei forplikta til å informere om ei plante du ønskjer å kjøpe er ein framand art. Dei skal også kunne foreslå alternativ. 
  • Ikkje ta med planter frå utlandet. Det er i hovudsak forbode. Desse kan opptre aggressivt i vår natur og mangle naturlege fiendar. Innførsel kan spreie både plantearten, jordorganismar og sjukdom som følgjer jord og planta. Du kan lese meir om regelverket her.
  • Har du god kjennskap til planter og øskjer å bidra? Om du finn framande artar i naturen kan du registrere desse i artsobservasjoner.no
  • Har du problem med ein framandart er det mykje god informasjon på internett.
  • Det er viktig at du ikkje kastar hageavfall utanfor eigen eigedom utan løyve frå grunneigar. Avfall som inneheld framande artar må kastast i kompost på din eigedom eller i lukka pose på avfallsmottak der avfallet vert brent. Det skal ikkje dumpast som vanleg hageavfall på avfallsmottaket.
  • Tips?

    Vi ønskjer tips om lokaliteter der dei artane vi har fokus på har etablert seg. 

    Tips kan sendast på e-post til postmottak, helst med eit bilete av planta du har funne, og eit kartutsnitt med markering av lokaliteten. 

    E-post: postmottak@orsta.kommune.no