Skap eit godt miljø for lesing heime
Snakk positivt om lesing heime. Oppmod til lesing, hjelp barnet med å finne lesestoff som interesserer, ros barnet når det les, og ver ein rollemodell og les sjølv. Lån bøker og lydbøker på biblioteket.
Les bøker for barna
Høgtlesing gir mange fordelar: Det er sosialt samlande for både vaksne og barn, det aukar lesegleda og er bra for språkutviklinga og fantasien.
Snakk saman
Mange av dei små som strevar med lesing, gjer det fordi ord ikkje gir meining for dei. Det er for mange ord dei ikkje forstår. Barn får tilgang til ord gjennom språket og ved at dei brukar språket til å sette ord på opplevingar, hendingar og liknande. Det er difor viktig å snakke om livet og verda; for eksempel om jobben sin, fritidsaktivitetar, nyheiter og bøker.
Vis interesse for det barna gjer på skulen
Ver nysgjerrig og snakk om det som skjer i skulekvardagen til barnet. Følg med på informasjon frå skulen, og vis at skulen og heimen samarbeider. Snakk positivt om skulen heime.
Øv på bokstav og lyd
For å lære å lese må barnet vite at kvar bokstav både har eit namn og ein lyd. Det kan vere lurt å legge inn små bokstav- og lydøvingar i kvardagen. Til dømes finne første og siste lyd i ord og namn, finne bokstavar på skilt.
Leik med rim og regler
Det er viktig for leseutviklinga at barnet kan å rime og det er spennande og motiverande å lytte til. Til dømes du seier SOPP – barnet rimer og seier KOPP.
Snakk om innhaldet i teksta
Å lese er meir enn å berre avkode, også for små lesarar. Derfor er det viktig å venne barnet til å reflektere og tenke over det ein les. Det gjeld både når barnet les sjølv og når ein vaksen les høgt for barnet.
Still spørsmål som inviterar til språkbruk
I ein travel kvardag er det lett å stille spørsmål som barnet kan svare på med eit enkelt “ja” eller “nei”, til dømes: “Har du hatt det fint i dag?” Still heller spørsmål der barnet må fortelje, som: "Kva gjorde du på fotballtreninga i dag?".
La barnet ditt skrive
Mange barn oppdagar koplinga mellom lyd og bokstav når dei skriv. Ha difor skrivesaker og ulike typar ark lett tilgjengeleg. Det er fint å gjere skrivinga meningsfull for barnet. La det for eksempel skrive ”snop” på handlelista for helga. Elles gir skriving på datamaskin eller nettbrett også viktig skrivetrening.