Offentlege innkjøp

Offentlege innkjøp

På denne sida finn du informasjon om offentlege innkjøp, og reglar som Ørsta kommune må overhalde ved kjøp av varer, tenester, bygg- og anleggskontrakter, osv.

Ørsta kommune skal gjere sine innkjøp i samsvar med Lov om offentleg anskaffingar (LOA) og Forskrift om offentlege anskaffingar (FOA). Føremålet med regelverket om offentlege anskaffingar er mellom anna å sikre konkurranse, og sørgje for at det offentlege handsamar leverandørar likt. Les meir på Lov om offentlege anskaffingar og Forskrift om offentlege anskaffingar.

Vurderinga av verdien avtalen vil ha, avgjer korleis konkurransen skal gjennomførast. 

Tabellen syner ei oversikt over forskrifta, og når dei ulike delane av denne vil gjelde:

Innkjøp
Del IDel IIDel IIIDel VI
Varer og tenester: 100.000-1,3MNOKVarer og tenester: 1,3-2,3 MNOKVarer og tenester: Over 2,3 MNOKHelse- og sosialtenester: Over 7,8 MNOK
Bygg- og anlegg: 100.000-1,3 MNOKBygg- og anlegg: 1,3-57,8 MNOKBygg- og anlegg: Over 57,8 MNOK
Helse- og sosialtenester: Opp til 7,8 MNOKSærlege tenester: Frå 1,3 MNOK
Ingen kunngjeringspliktKunngjeringsplikt: DOFFINKunngjeringsplikt: DOFFIN og TEDKunngjeringsplikt: DOFFIN og TED
DokumentasjonspliktAnskaffingsprotokollAnskaffingsprotokollAnskaffingsprotokoll
Skatteattest ved avtale med verdi over 500.000 kronerSkatteattest + kan krevje eigenerklæring, jf. FOA § 8-10Europeisk eigenerklæringsskjema (ESPD)Skatteattest + kan krevje eigenerklæring

I tillegg har forskrifta ein del V som gjeld plan- og designkonkurransar.

For innkjøp med verdi under 100.000 kroner gjeld ikkje regelverket.

Tilbod

Vi oppmodar alle leverandørar som kan gje tilbod i konkurransar om å gjere dette, både til Ørsta kommune og andre kommunar. Legg inn eit fast søk på Doffin.no, og abonner på dette – så går du ikkje glipp av moglegheitene som ligg der.

Ørsta kommune oppmodar om å lese tilbodsførespurnad eller konkurransegrunnlag nøye, og svare i samsvar med dette. Kommunen har ikkje høve til å vurdere tilbod som ikkje overheld fristar, eller som ikkje svarar på tilbodsførespurnaden eller konkurransegrunnlaget.

Du kan nytte digitalt skjema for levering av tilbod: 

Tilbodsskjema