Fagtilbod

Fagtilbod

Instrument og song

Song
Bandoneon
Piano og keyboard
Strykeinstrument
Gitar og bass
Slagverk
Messingblås
Treblås
Musaikk

 

Drama/teater

Dramagruppa set opp 1-2 framsyningar i året, og er opne for småframsyningar i tillegg dersom det skulle vere høve til det. I år har vi to grupper. Ei frå 3. - 5. klasse og ei frå 6. klasse og oppover, men vi oppretter grupper ut i frå søkjarmassa, som endrar seg frå år til år.


Visuell kunst

Ørsta kulturskule har gruppetilbod på visuell kunst. Tilbodet passar for elevar frå 3. klasse og oppover, med undervisning i lokala til Velle skule. Her får elevane jobbe med mellom anna teikning, måling og ulike andre teknikkar innan formgjeving.

Tilbodet vil vere for grupper på opptil 8 elevar i 60-70 minutt. Undervisningsstad er Velle skule
Hovudvekt på teikning og måling, med innslag av andre teknikkar.
 

Kulturkarusell

Song- og musikkleik, med innslag av andre uttrykksformer. ​Tilbodet vil vere for grupper på 6–10 elevar i 45–60 min., for born i alderen 3-6 år.
 

Korte kurs

Korte kurs kan verte starta opp ved interesse/tilstrekkjeleg påmelding.
Aktuelle kurs som er mogleg å velge i søknadsskjema er:

  • gitarkurs for vaksne
  • oppfriskingskurs for blåsarar
  • digital musikkproduksjon
     

Babysong

Ørsta kulturskule inviterer til babysong måndagar klokka 12.00. Tilbod for dei aller yngste (0–1 år). 
Ta kontakt om det er behov for tilbod til eldre born.

Ein lærer t.d. fingerleikar, tåregler, rørslesongar, dans og voggesongar. Språket tek form og den første songen vert framført på eiga hand. Stor stas er det også å få syne fram kunstane sine i gruppa eller heime. Sjå kva eg kan!

Til alle tider har småborn hatt mor og far si stemme som si første musikalske oppleving. Song og musikkleikar har alltid vore eit sjølvsagt og viktig språk mellom born og vaksne. I vår tid og kultur ser ein ofte at dette vert erstatta med ”hermetikk” - radio/tv m.m. Born veks opp med bakgrunnsmusikk. Lyd står på under leik, stell, når ein skal sovne om kvelden – og når ein vaknar. Babysonggruppene vil vere ei motvekt mot dette, ved å styrkje det musiske språket mellom born og vaksne. Den perfekte lyden som strøymer ut frå dei nemnde ”hermetikkboksane” kan gi kvar og ein av oss kompleks når det gjeld eiga stemme, men hugs: Det er di stemme barnet vil høyre. Det er den som skaper kontakt, tryggleik og trivsel. Det vert sagt at musikk er forløparen til språket. Lyd, rytme, song, musikk, og rørsle er viktig for seinare tale, lesing, skriving og kommunikasjon med andre.

Her vert gamle og nye songar friska opp eller lært. Like eins ”gløymde kunster” som fingerleikar, tåregler, voggesongar m.m. Dei små er med, spreller med beina, vinkar og ler. Ein nyttar fellesspråket mellom små og store, mellom alle menneskje - det musikalske språket.

Stad: Kaihuset. Kurshaldar: musikkterapeut Brita Helen Høydal.
Pris: kr. 800,- pr. semester (10 gongar)

Prosess

Søknadskjema

Registrert søknad er gjeldande til søkjaren får plass eller trekkjer søknaden.

Påmelding i kulturskulen er bindande ut inneverande semester. Frist for oppseiing for vårsemesteret er 10. desember. For haustsemesteret/nytt skuleår opnar vi for reregistrering om våren. Dette kjem det beskjed om, med eigen frist.

Også dei på ventelista får meldinga om reregistrering, då kan ein registrere om ein ynskjer å behalde eller seie frå seg plassen på ventelista, eller evt endre ynskje om instrument.

Tilboda vert gjevne med atterhald om elevgrunnlag, kvalifiserte lærarar og naudsynte løyvingar.