Leige kulturhuset

Leige kulturhuset

Kinosal
Festsal
Foajeen
Kjøkken
Kafeteria
Bryllaup og lukka lag
Omførselshandel
Galleri/møterom
LAN-party
Avbestillingsgebyr
Satsar for bruk av personlege ressursar
  • Kaffipakke ved møter/konferanser (ved førehandstinging): 

    • 1 servering 25 kr per person 
    • 2 serveringar 40 kr per person
  1. Ein representant frå huset skal alltid vere til stades/tilgjengeleg ved leige av kinosal.
  2. Større arrangement og arrangement over fleire dagar etter avtale. Kulturhusleiaren kan forhandle seg fram til andre avtalar der det er naturleg.

Tillegg for førebuingar og hjelp etter avtale. Mat og drikke kan tingast på huset. Dukar kan leigast. 

Leige av inventar/utstyr til bruk utanfor Ørsta kulturhus: Etter eigen avtale med kulturhusleiaren. 

Eit viktig mål for oss på kulturhuset er å legge best mogleg til rette for leigetakarane. Gi oss gjerne tilbakemelding, både ros og ris!


Praktiske opplysningar

  • Når leigetakar låner nøklar og kvitterer for lånet, skal nøklane leverast attende første virkedag etter tilskipinga. På kvardagar dagtid kl. 9.00 – 15.00  eller på kveldstid v/kinoframsyning. 
  • Leigetakar kan berre nytte dei lokala det er gjort avtale om. Vert det nytta andre lokale enn det som er avtalt, vert desse fakturerte. Tinga lokale som ikkje er nytta blir også fakturert. 
  • Leigetakar skal rydde opp etter seg både inne og ute. Alt rusk på golvet skal sopast opp. Vert det brukt utstyr frå kjøkkenet, skal dette vaskast og ryddast på plass. Bossdunkane er på baksida av huset. 
  • Bord og stolar skal gjerast reine og handkleda skal hengast til tørk. 
  • Leigetakar må sjølv ordne med plassering av bord/stolar og rydde dei på plass etter bruk, om ikkje anna er avtalt