Influensavaksine

Influensavaksine

Korleis kan ein få vaksine?

Du kan få vaksine hos fastlegen eller på apoteka. Ørsta kommune brukar å tilby fellesvaksinering på hausten.

Datoar for fellesvaksinering på kulturhuset

For å unngå stor kødanning, er det fint at du kjem til di oppsette tid ut ifrå ditt etternamn, så langt det let seg gjere.

Onsdag 22. oktober:

  • Kl. 09:00–11:30 Etternamn A–E
  • Kl. 12:30–15:00 Etternamn F–H

Torsdag 23. oktober:

  • Kl. 09:00–11:30 Etternamn I–L
  • Kl. 12:30–15:00 Etternamn M–Q

Fredag 24. oktober:

  • Kl. 09:00–11:30 Etternamn R–U
  • Kl. 12:30–15:00 Etternamn V–Å

Onsdag 5. november:

  • Kl. 09:00–15:00 Open dag

Har du barn i risikogruppe som skal ha nokre av desse vaksinene? Ta kontakt med helsestasjonen innan 31. oktober på tlf: 94167848 for å bestille time.

Kven bør vaksinere seg?

Influensavaksine vert anbefalt til:

  • Alle frå fylte 65 år
  • Bebuarar i sjukeheimar og omsorgsbustadar

I tillegg til barn og vaksne med:

  • Kronisk lungesjukdom
  • Kronisk hjarte- og karsjukdom
  • Kronisk leversvikt
  • Kronisk nyresvikt
  • Kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
  • Nedsett immunforsvar
  • Diabetes mellitus, type 1 og 2
  • Svært alvorlig fedme (BMI over 40)
  • Annan alvorleg eller kronisk sjukdom
  • Gravide frå 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester)

I tillegg til risikogruppene blir det også tilrådd influensavaksine til:

  • Helsepersonell som har pasientkontakt. Desse vert spesielt oppmoda om å vaksinere seg primært for å verne andre (indirekte vern) som pasientar og kollegaer og sekundært for eigen del.
  • Personar som bur saman med personar nedsett immunforsvar.
  • Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar

Kontakt

Ørsta Helsestasjon
94167848