Praktisk bistand (heimehjelp)Prakisk bistand, også kjent som praktisk bistand, er ei teneste som tilbyr rettleiing og praktisk hjelp i heimen. Tenesta er utforma for å støtte brukarane i deira daglege gjeremål og bidra til å oppretthalde deira sjølvstende og livskvalitet.Kva inneber heimehjelp?Heimehjelp omfattar ei rekke oppgåver som er viktige for å oppretthalde eit reint og trygt heimemiljø. Dette kan mellom anna vere:ReingjeringSkifte sengekleKlevaskBestille daglegvareFørebygging og støtteEit viktig aspekt ved heimehjelp er fokus på førebygging og støtte til brukarane sine eigne ressursar. Dette inneber å rettleie og oppmuntre brukarane til å delta i oppgåvene så langt det er mogleg, for å styrke deira sjølvstende og meistringskjensle.Pris Heimehjelp er ei betalingsteneste, satsane er vedteke av kommunestyret. heimehjelp prisar InntektsgrunnlagKr per mnd0–2 GInntil kr 248 056240*2–3 Gkr 248 057 til kr 372 0841 6303–4 Gkr 372 085 til kr 496 1122 0404–5 Gkr 496 113 til kr 620 1402 450,">5 Gkr 620 141 og over2 765Timesats for enkelttimar465 *Fastsett i sentral forskrift og kan bli endra.1G = 124 028,- frå 01.05.24. AbonnementEtter eiga forskrift skal alle med inntekt under 2G betale maksimalt kroner 240,- per mnd. Brukarar som mottek tenester som medfører eigenbetaling som er høgare enn øvre tak i si inntekstgruppe, skal betale fast abonnement som vist i tabellen.Dei som ikkje nyttar avtala hjelpeordning ein månad, får fritak for betaling den aktuelle månaden. Abonnementet går elles som avtala, sjølv om brukaren i einskilde månader ikkje gjer seg nytte av tiltaket fullt ut.BetalingsvanskarBrukarar av hjelpeordninga som grunna lav inntekt eller store utgifter har vanskar med å sikre eige livsopphald, kan i særlege tilhøve søkje om redusert betaling/fritak for eigenbetalinga.TimesatsBetaling etter timesats gjeld for:kortvarige eller tilfeldige avtalar/vedtak om praktisk hjelpfaste/varige avtalar med tal på timar som medfører månadsbetaling som er mindre enn abonnementbetalinga for si inntektsgruppe (sjå tabell)