Korttidsavdelinga

Korttidsavdelinga

Avdelinga tek i mot pasientar i ulike aldersgrupper, diagnose og behov, både frå sjukehus og heimen. Alle blir kartlagt og vurdert individuelt. Målet til Ørsta kommune er at alle skal bu heime i eigen bustad lengst mogleg. 

Vi følger opp trening på daglege aktivitetar så langt det let seg gjere.

I periodar er det mange som har behov for plass Då må pasientane rekne med å måtte dele rom, og/eller flytte rom internt i avdelinga. Avdelinga har 16 rom.

Avdelinga har plassar til augeblikkeleg hjelp

Dette gjeld pasientar som elles ville blitt innlagd på sjukehus. Tilbodet skal vere betre, eller like godt som eit alternativ i spesialisthelsetenesta. Det skal bidra til å redusere talet på augeblikkeleg-hjelp innleggingar til sjukehus.

Fordel: Geografisk nær, kjent miljø for mange, lokale samarbeidspartar gjer det lettare å lage gode opplegg etter augeblikkeleg hjelp fasa. Det er lege som skal legge inn pasienten på augeblikkeleg hjelp, og opphaldet er avgrensa til 3 døgn.

Vi samarbeider med heimetenester, lege, tildelingskontor, kreftsjukepleiar, ergoterapeut og fysioterapeut.

Brosjyre

Telefonnummer til avdelinga og avdelingsleiar finn du nedst på sida. 

Besøk
Måltid
Aktivitetstilbod
Praktiske råd

Kontakt

Korttidsavdeling hovudnummer
95712121
@ Korttidsavdeling hovudnummer
Rakel Birkeli sjukepleiar
@ Rakel Birkeli