Digitale tenester og velferdsteknologi

Digitale tenester og velferdsteknologi

Velferdsteknologi er teknologi som skal bidra til tryggleik og meistring i kvardagen. Teknologiutviklinga gjer at vi får fleire digitale hjelpemiddel inn i vårt daglegliv som løyser ulike oppgåver for alle uavhengig av alder og livssituasjon.

Døme: smarttelefon med appar, robotstøvsugar, robotgrasklippar og smartklokker.

Velferdsteknologi er eit av dei viktigaste og best dokumentert arbeidsbesparande teknologiområda. Den kan auke den enkelte si evne til å klare seg sjølv i eigen bustad, og bidra til å sikre livskvalitet og verdigheit for brukaren.  

Velferdsteknologi kan delast i fire kategoriar:

  1. Tryggleik- og sikkerheitsteknologi
  2. Kompensasjons- og velværeteknologi  
  3. Teknologi for sosial kontakt
  4. Teknologi for behandling og pleie

Meir informasjon om velferdsteknologi finn du på Helsedirektoratet.no

Føremålet med velferdsteknologi

Velferdsteknologi har som mål å skape ein tryggare og betre kvardag for deg som brukar, pårørande og omsorgspersonell. 

Teknologien skal gjere det mogeleg for deg som brukar og bu lenger i eigen heim, den skal hjelpe deg til å meistre kvardagen best mogeleg, og hjelpe deg til å ha eit mest mogeleg aktivt og sjølvstendig liv. Ved kronisk sjukdom kan velferdsteknologi sikre betre behandling og tettare oppfølging. Betre utnytting av helsepersonell og auka kapasitet og kvalitet i helse- og omsorgstenestene er andre gevinstar den gjev oss.

Velferdsteknologi omfattar teknologi du kan kjøpe sjølv når du ser at det finnes teknologi som kan hjelpe deg i din kvardag, og det omfattar teknologi som vi som kommune nyttar i vår tenestetildeling. 

Ørsta kommune nyttar velferdsteknologi  for å kunne gje mest mogeleg effektive tenesteleveransar, og ta ut den arbeidsbesparande effekten velferdsteknologi gjev oss. Rekruttering av tilsette med fagkompetanse innan helse er vanskeleg, og vi skal levere meir helsetenester enn tidlegare utan å auke antal tilsette i nokon stor grad, då må me bruke velferdsteknologi der vi kan spare bruk av helsepersonell.

Kva kan du sjølv gjere for å betre kvardagen din med velferdsteknologi og bu i eigen heim lengst mogeleg?

Tilpasse heimen
Bevare sosialt nettverk ved digital deltaking
Halde deg aktiv og mobil
Tryggleik
Støtte til hukommelse og struktur
Helse og eigenomsorg

Oppsummering

Å ta i bruk velferdsteknologi treng ikkje vere vanskeleg eller dyrt. Mange løysingar er enkle å bruke og kan gi stor gevinst i kvardagen. Enten det handlar om å føle seg tryggare heime, halde kontakten med andre, eller ha betre oversikt over eiga helse, finst det verktøy som kan hjelpe deg til å meistre kvardagen betre – på eigne premiss. 

Ved å vere aktiv og nysgjerrig på dei moglegheitene som finst, kan du styrkje både sjølvstende og livskvalitet. Velferdsteknologi er ikkje framtida – det er her og no.

Kva tenester kan Ørsta kommune gje deg ?

Ørsta kommune nyttar velferdsteknologi som ein integrert del av tenestene i helse og omsorg, fordi vi ser at det aukar vår kapasitet og vi får utnytta vårt helsepersonell betre. Vi nyttar det til innbyggjarar som bur i eigen heim, i bukollektiv eller på institusjon.  

1. Auka tryggleik i heimen
2. Medisinoppfølging
3. Digitalt tilsyn
4. Lokaliseringsteknologi (GPS)
5. Digital heimeoppfølging