Av og til

Av og til

Kommunen samarbeider med Av-og-til for å gjennomføre lokaltilpassa rusførebygging. Samarbeidet er avgjerande for å førebyggje og redusere alkoholskadar, og for å skape ein tryggare kvardag for alle innbyggjarane. 

Saman jobbar vi for godt alkovett i situasjonar der alkohol utgjer ein risiko, eller der alkohol kan vere til ulempe for oss sjølve og andre. Alkovett handlar om å ha eit reflektert forhold til alkoholvanar, og om å tenkje over om ein skal drikke, og kor mykje ein skal drikke i ulike situasjonar. Samarbeidet med Av-og-til skal bidra til å redusere dei negative følgjene av alkoholbruk i samfunnet og å gjere kvardagen tryggare for alle. 

Alkoholbruk kostar samfunnet opp mot 100 milliardar kroner i året gjennom tapt helse og livskvalitet, sjukefråvær og kostnader til helse- og velferdstenester. Av-og-til blei etablert på Stortinget i 1981 under namnet AlkoKutt og har heile tida vore ein brei og samlande aktør på førebyggingsfeltet på tvers av både politiske og andre skiljelinjer. Bak Av-og-til står breidda av det frivillige Noreg, mellom anna frivillige organisasjonar, politiske parti og organisasjonar innanfor rus- og førebyggingsfeltet. 

Første gong Ørsta kommune inngjekk samarbeidsavtale med alkovettorganisasjonen Av-og-til var i 2017. 15. juni 2023 vedtok kommunestyret å fornye samarbeidsavtalen. Av-og-til nyttar ein førebyggingsmetode som vi i kommunen tilpassar etter våre behov, ønske og idear.  

Les meir på avogtil.no

Samvær med barn og unge
Ungdom
Idrett
Helse
Båtliv

Kontakt oss gjerne! 

Vil du vere med og støtte opp om lokal alkoholførebygging? Alkoholførebygging er viktig både i trafikken, på sjøen, på sosiale møteplassar, i idrettsklubben, på arbeidsplassen og på arenaer der barn og unge ferdast. Ta gjerne kontakt dersom du ønskjer å få vite meir om arbeidet vårt. 

Av-og-til-koordinator i vår kommune  er Ingvild Endal

Kontakt

Ingvild Endal folkehelsekoordinator/kulturkonsulent
91765389
@ Ingvild Endal