Eigedomsskatt

Eigedomsskatt

Eigedomsskatten vert utrekna på grunnlag av den kommunale taksten eller utifrå formuesgrunnlaget som vert henta frå Skatteetaten. 

Meir informasjon om skatteetaten sin utrekning finn du på skatteetaten sine nettsider, her kan du også endre grunnlaget for eigedomsskatten

For 2025 har Ørsta kommunestyre vedteke ein eigedomsskattesats på 3,0 promille for alle eigedomar. 

Kommunestyret har også vedteke å kontorjustere eigedomsskatten med 10 prosent – det betyr at alle kommunale takstar vert auka med 10 prosent. Kommunale takstar gjeld alle eigedomar, utanom bustadhus og leilegheiter (dei som har formuesgrunnlag frå Skatteetaten). Rettleiar for kontorjustering.

Informasjon om eigedomsskatt

Faktura for eigedomsskatt
Skattesetel
Offentleg ettersyn
Kommunal takst
Takst frå skatteetaten – Formuesgrunnlag
Eigedomar med fleire eigarar
Klage
Klagehandsaming
Fritak for eigedomsskatt

Utskriftsvenleg versjon

  • Endre fakturaintervall

    Du kan endre fakturaintervallet på eigedomsskatt og andre kommunale eigedomsgebyr. 

    Intervall alternativer:

    Du som betalar eit samla årleg beløp på:

    • over kr 4 001: kan velje å motta faktura 1, 2, 4 eller 12 gongar i året.
    • mellom kr 2 001–4 000: kan velje å motta faktura 1, 2 eller 4 gongar i året.
    • mellom kr 1 001–2000: kan velje å motta faktura 1 eller 2 gongar i året.
    • mellom kr 1–1 000: faktura 1 gong i året.

    Månadleg faktura føreset at du har avtale om avtalegiro eller e-faktura i nettbanken din med Ørsta kommune.

    Endringa vil ikkje ha verknad på allereie utsende eller produserte fakturaer, men vil først verte gjort gjeldande frå neste kvartal.

    For å endre intervall må du sende inn dette skjemaet:

    Endre fakturaintervall

  • Min eigedom

    På Min eigedom (logg inn via ID-porten) finne oppdaterte opplysningar om din eigedomsskatt og korleis den vert utrekna på dei ulike eigedomar du måtte ha.


Nyttige lenkjer

Kontakt

Spørsmål eigedomsskatt
90857242
@ Spørsmål eigedomsskatt