SFO – Hovden skule

SFO – Hovden skule

Praktisk informasjon 

Skulefritidsordninga ved Hovden skule vart etablert i 1994 som ein del av heildagstilbodet for seksåringane. 
SFO tok over lokalet etter at det vart skuleplikt for seksåringane i 1996.
Vi held til i romslege og lyse lokale i underetasjen av nedrebygget og har difor kort avstand til både gymsal og symjehall.

SFO gir tilbod til elevar frå 1.–4.trinn og elevar med særskilde behov frå 1.–7. trinn. 

For skuleåret 2025–2026 er det 65 born som skal nytte seg av SFO tilbodet.

SFO har opningstid frå 07.15–16.15.
SFO følger skuleruta.
SFO tilsette tek del på kommunale planleggingsdagar.
        
Ferie SFO har ope: 

  • Før skulestart: 1.–12. aug. ved Hovden skule/SFO
  • Haustferien: 6.–10. okt. ved Hovden skule/SFO                   
  • Jul: stengd 
  • Vinterferien:  16.–20. feb. ved Hovden skule/SFO
  • Påske: stengd
  • Etter skuleslutt: –23.juni. ved Hovden skule/SFO

Periodeplanar vert lagt på ut i Vigilo kvar månad.
 

SFO koordinator

Eli Schjølberg
☎    91153473 
☎    94782166 
@ SFO Hovden skule

Morgon

SFO opnar kl. 07.15.
Frukostbuffeen er klar frå kl. 07.30.
Vi ryddar vekk maten kl. 08.30.
Leik etter eige ønske inne på SFO.
Vi ryddar kl. 08.45 og elevane tar friminutt frå kl. 08.50–09.00
 

Ettermiddag

SFO opnar kl. 13.40 og stenger kl.16.15
SFO måltid kl. 13.45–14.45.
Barna får ete til ulike tider og i ulike grupper.
Vi har ofte buffé og også venskapskafé.
Leik og ulike aktivitetar fyller SFO kvardagen.
Vi nyttar symjehall (januar-mai), gymsal og ballbinge.

Plasstilbod

SFO Alle
Type plassTidspunktFerie-SFOFakturert
Heilt tilbod 11 mnd5 dagar veke20 dagar11 mnd
Heilt tilbod 10 mnd5 dagar veke1.–3. kl: 6 dagar (fastsette datoar)10 mnd
Delt tilbod 11 mnd3 dagar veke12 dagar11 mnd
Delt tilbod 10 mnd3 dagar veke1.–3. kl: 6 dagar (fastsette datoar)10 mnd
Korttidsplass morgonmorgonar 5 dagar i veka1.–3. kl: 6 dagar (fastsette datoar)10 mnd
Korttidsplass ettermiddagetter skuletid 5 dagar i veka1.–3. kl: 6 dagar (fastsette datoar)10 mnd
Gratis-plass (berre for 1.–3. kl)12 timar i veka (2,4 time per dag, fastsett tid)1.–3. kl: 6 dagar (fastsette datoar)-
Ekstra dagKun mogleg i skuleåret, ikkje i ferieane.NeiSaman med valt tilbod

Tidspunkt for gratis-plass

Kvar ettermiddag 5 dagar i veka: Frå skuleslutt til kl. 16.05.

Prisar, ferie-SFO og meir informasjon om SFO