Vi opnar opp igjen! :-)

No kan vi endeleg opne opp igjen etter systembytet og biblioteket i Ørsta vil ha følgjande opningstider i veka som kjem:
måndag 29. september kl. 12-16, onsdag 1. oktober kl. 14-18, fredag 3. oktober kl. 12-16 og laurdag 4. oktober kl. 11-14.
(Biblioteket i Volda har ope følgjande dagar og tider den komande veka: måndag og tysdag kl. 12-16,  torsdag kl. 12-18.)

Velkomen tilbake til biblioteket alle saman, og takk så mykje for tolmodet!  :-)

Informasjon og reglar

Informasjon og reglar

Bibliotektransporten
Fjernlån
Innlevering utanom opningstid
Låne e-bøker
Lånekort
Utlånsreglar
Utskrift, kopi og skanning

 

Univers av kunnskap

Ja, biblioteket er ei heil verd, ei verd av draum og fakta. Du kan faktisk finne eit heilt univers av kunnskap på biblioteket. Og du finn alle forteljingane, sanne og oppdikta, dei gamle og dei nye, dei som gir tankane noko å tygge på og venger til draumane.

Biblioteket er meir enn bøker, meir enn utlån og innlevering. Men det også - sjølvsagt finn du bøker, lydbøker, filmar, musikk cd-ar, språkkurs og dataspel som du kan låne med deg heim. Heilt gratis.

Biblioteket er også ein stad å være, for å sitje og lese, eller berre sjå ut i lufta, og her treff du andre som likar å vere på biblioteket. Biblioteket er sjølvsagt også staden for å gjere lekser og studere, kanskje til ein mastergrad, eller kanskje studerer du slekta di, eller skal du skrive ein artikkel til lokalavisa og veit ikkje heilt kvar du skal starte?

På biblioteket er det bibliotekarar, dei hjelper deg med å finne rett bok. Eller film, eller ein høveleg song eller eit dikt, til dømes til mor sin 70-årsdag - her på biblioteket hjelper vi deg med å finne orda som kan varme eit morshjarte. I vårt bibliotek finn du meir enn 40 000 bøker og filmar, det kan vere lurt å spørje om hjelp. Kanskje treng du å bestille noko frå eit av alle dei andre biblioteka i Noreg? Vi som jobbar her fiksar dette for deg.

Biblioteket er ditt. Bruk det!