Næringsprisen 2017 til Fugl Føniks

Utdeling Næringspris17.jpg

 

Næringsprisen er ei pengegåve på 10.000 kroner og eit bilete. Vi gratulerer Fugl Føniks kaffibar med prisen i 2017!

 

Næringsprisen 2017

Grunngjeving:

Sidan Fugl Føniks opna dørene på Lystadhjørnet for 13 år sidan,  har dei utvikla konseptet sitt gradvis og vorte ei solid og veldriven verksemd i ein tøff bransje.

I 2011 flytta dei kaffibaren frå det vesle huset i Anders Aarsæther gata til større og meir moderne lokale i Vikegata. Dette førte ikkje berre eit visuelt hamskifte, men gav også høve til å utvide konseptet med eit eige bakeri for glutenfrie varer. Eit etterlengta tilbod for mange. Verksemda og «familien» Føniks har heile vegen vore eit sterkt personleg prosjekt for Randi og Helge Blichfeldt. Dette viser seg kanskje først og fremst i kjensla av atmosfære, service og kvalitet, frå du kjem og til du går.

Fugl Føniks har utvikla seg til å verte eit fyrtårn innanfor sin bransje, med nedslagsfelt i heile regionen. Ein stilig og urban kaffibar, med eigen identitet og Barista i særklasse.

På mange måtar har Føniks også vore med på å utvikle Ørsta sentrum som handelsstad. Gode møteplassar med innhald har mykje å seie for korleis innbyggjarar og tilreisande opplever og brukar tettstaden. Med evna til å gjere seg til ei merkevare og som ein tydeleg trivselsfaktor i Ørsta, som att på alt har fått nynorskprisen, er det inga tvil om at Fugl Føniks har fortent næringsprisen for 2017! 

 

Fugl Føniks kaffibar på Facebook:

Følg oss