Orientering om IKT-satsing i Ørstaskulen

Vikemarka skule ved (f.v). Martine Øie Svedjan, Ådne Aarflot Wilter og Dagny Riise Heggestad: "Ingen vil tilbake til tida før Chromebooks"

I kommunestyret torsdag 24. mai orienterte seksjon skule, lærarar og elevar om IKT-satsinga i Ørstaskulen. Frå Vikemarka skule fekk kommunestyret besøk av Dagny Riise Heggestad (lærar), med god hjelp av Martine Øie Svedjan og Ådne Aarflot Wilter. Frå Ørsta ungdomsskule orienterte Gunnar Festøy (lærar) saman med Sverre Orten og Signe Vinjevoll. Sverre og Signe er også elevrådsleiarar ved ØUS. 

 Her kan du sjå orienteringa - Kommunestyret 24. mai

 Powerpoint frå orienteringa finn du her

 

Ørsta ungdomsskule ved (f.v.) Signe Vinjevoll, Sverre Orten og Gunnar Festøy

Definisjon - digitale ferdigheiter

«Digitale ferdigheter vil si å innhente og behandle informasjon, være kreativ og skapende med digitale ressurser, og å kommunisere og samhandle med andre i
digitale omgivelser.

Det innebærer å kunne bruke digitaleressurser hensiktsmessig og forsvarlig for å løse praktiske oppgaver.

Digitale ferdigheter innebærer også å utvikle digital dømmekraft  ved å tilegne seg kunnskap og gode strategier for nettbruk». - (Udir, 2017)





Denne definisjonen identifiserer følgjande ferdigheitsområde:

  1. bruke og forstå
  2. finne og behandle
  3. produsere og bearbeide
  4. kommunisere og samhandle
  5. utdøve digital dømmekraft.


Grunnlag for satsing digital kompetanse.

  • Opplæringslova med forskrift
  • Ny, overordna del av læreplanen
  • Grunnleggande ferdigheiter
  • Rammeverk for digital kompetanse - korleis elevane sin digitale kompetanse skal sjå ut
  • Profesjonsfagleg digital kompetanse - lærarane sin digitale kompetanse i klasserommet
  • Andre grunnar enn lov og forskrift


I dag har vi totalt 1488 Chrome-einingar i Ørstaskulen:

  • Chromebooks: 1209
  • Chromebox: 103
  • Chromebase: 15
  • CloudReady154
  • Chromebit: 7.

Følg oss