Meir tømmer på færre bilar

Foto: Åsmund Asper, Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Ørsta kommune har saman med Statens Vegvesen og skogbruksnæringa i 2016 og 2017 hatt stort fokus på fjerning av flaskehalsar, ved å skrive opp bruksklassa på mange kommunevegar og fylkes- og riksvegar. Dette har ført til sparte kostnader, mindre og tryggare trafikk og miljøgevinstar. Dette arbeidet har vore prioritert for å tilpasse seg storleiken til tømmerbilane for å utnytte kapasiteten deira, og dermed frakte meir tømmer med færre lass.

I 2017 var det god aktivitet i skogen  i Møre og Romsdal, men ingen ny rekord i tømmeromsetninga. 287 000 kubikkmeter tømmer vart hogd gjennom året, ned frå 325 000 kubikkmeter i 2016. I 2017 vart 99 501 kubikkmeter tømmer transportert på 24 meter lange og 60 tonn tunge vogntog. Dette utgjer over 35,6 % av alt tømmeret transportert i Møre og Romsdal, ein formidabel auke frå 2016, der berre 38 400 kubikkmeter (11,8 %) vart køyrt med makslast. Etter oppskrivinga er nesten 100 000 kubikkmeter køyrt på drygt 2200 turar med tømmervogntog. 50 tonns vogntog på 19,5 meter ville brukt 700 turar meir, for å frakte ut den same tømmermengda. Dette er ei gledeleg utvikling for både trafikktryggleik og ikkje minst miljøet.

Tømmerlasset må oftast innom ein kommunal veg, før det kjem ut på fylkesvegen. I Ørsta er det no gjennomført testkøyring i samarbeid med Allskog, for å sjå om nokre av vegane har svingradius for tilpassa tømmervogntog. Testen synte at det går, og ved neste revidering av veglista aukar bruksklassa, og vegen kan opnast for tømmerkøyring. Fylkesmannen bruker eksempelet frå Ørsta til å oppfordre fleire kommunar til testkøyring der dei ikkje er sikre på om tømmervogntog kjem fram.

Følg oss