Redusert foreldrebetaling

skule klasserom - Klikk for stort bilete

 

Redusert foreldrebetaling i SFO for elevar på 1. og 2. årstrinn

Frå 1. august 2020 er det endring i forskrift til opplæringslova om moderasjonordningar i skulefritidsordninga. 
Forskrift om endring i forskrift til opplæringslova

Det er kommunen der barnet er folkeregistrert som skal handsame søknad om redusert foreldrebetaling.

Søknadsskjema

Søknadsfrist

Det er ingen frist for å søke, men vedtak gjeld for eit skuleår i gongen. Vedtak gjeld frå første heile månad etter at søknad med nødvendig dokumentasjon er registrert.

Meir info:

SFO: Redusert foreldrebetaling

Moderasjonsordningar
  • Syskenmoderasjon
  • Redusert foreldrebetaling for husstandar med lav inntekt
  • Gratis SFO for born med særskilde behov på 5.-7. trinn
Syskenmoderasjon

Syskenmoderasjon vert gjeve 25% av betalinga for 2. og 3. barn, rekna av den plassen som kostar mest. Det blir ikkje gjeve syskenmoderasjon for tilbod utover skuleåret sine 38 veker (halve juni og heile august).

Gratis SFO for born med særskilde behov på 5.-7.trinn

Ørsta kommune sine vedtekter for SFO §4 b seier:

Born på 5.-7. trinn med behov for individuell tilrettelegging* kan søkje plass. «Barn med behov for individuell tilrettelegging» er i desse vedtektene definert som born med store og omfattande hjelpebehov, det vil seie varige funksjonsnedsettingar som medfører omfattande og vedvarande behov for bistand. Lova gir ikkje nokon born, heller ikkje desse, ein individuell rett til plass i SFO. Graden av nødvendig tilpassing av lokala vil avgjere kva SFO barnet vil få plass i.

*Merk: Omgrepet «barn med særskilde behov» vert nytta i opplæringslova §13-7.

Gradert foreldrebetaling for husstandar med lav inntekt

Frå 1. august 2020 skal ingen hushald betale meir enn 6% av inntekta si for ein SFO plass for born på 1. og 2. årstrinn.

 

Opplæringslova kapittel 1B. Skolefritidsordninga

 

Utdrag frå forskrift til opplæringslova kapittel 1B. Skolefritidsordninga:

§ 1B-1. Reduksjon i foreldrebetalinga for elevar på 1. og 2. årstrinn

Kommunen skal etter søknad gi reduksjon i foreldrebetalinga for skolefritidsordninga på 1. og 2. årstrinn slik at den per elev utgjer maksimalt seks prosent av inntektene til hushaldet, dersom:

a) foreldrebetalinga for eitt skoleår utgjer meir enn seks prosent av inntektene til hushaldet det siste året, eller
b) det er ein varig nedgang i inntektene til hushaldet inneverande år som gjer at foreldrebetalinga for eitt skoleår utgjer meir enn seks prosent av inntektene til hushaldet.

For søknader før 1. august gjeld kommunen sitt vedtak frå 1. august og ut skoleåret. Blir det søkt etter 1. august, gjeld vedtaket frå første heile månad etter søknadstidspunktet og ut skoleåret.

Betaling for kost kan komme i tillegg.

§ 1B-2. Søknadsbehandlinga til kommunen i saker om reduksjon av foreldrebetaling

Kommunen kan, utan hinder av teieplikta, innhente grunnlaget for siste fastsetjing av formues- og inntektsskatt for hushaldet frå skattestyresmaktene for å dokumentere inntektene til hushaldet for det siste året, jf. skatteforvaltningsforskriften § 3-3-1 andre ledd bokstav a. Kommunen kan innhente slike opplysningar og gjere nye vedtak om redusert foreldrebetaling i heile den tida søknaden gjeld.

Med hushald meiner ein i dette kapittelet ektefellar, registrerte partnarar og sambuarar. Som sambuarar reknar ein to ugifte personar over 18 år som bur saman, og som har budd saman i eit ekteskapsliknande forhold i minst 12 av dei siste 18 månadene, eller har felles barn. Dersom søkjar er sambuar utan felles barn, må søkjar opplyse kommunen om dette.

Med inntektene til hushaldet meiner ein i dette kapittelet hushaldet si samla brutto personinntekt etter skattelova kapittel 12 og skattepliktige kapitalinntekt.

Dersom foreldra til barnet bur kvar for seg, og barnet bur fast hos begge foreldra, er det inntekta til hushaldet til den forelderen som har same folkeregistrerte adresse som barnet, som skal leggjast til grunn i vurderingane etter denne føresegna.

Dersom grunnlaget for siste fastsetjing av formues- og inntektsskatt for hushaldet ikkje kan utleverast av skattestyresmaktene, og kommunen av den grunn ikkje klarer å fatte vedtak før 1. august, skal kommunen be søkjar om å levere skattemeldinga for det siste året og eventuell skattepliktig kapital- eller personinntekt som ikkje er førehandsutfylt.

Krav til dokumentasjon

Skattemeldinga må leggast ved til søknaden. Dersom denne ikkje kan leggast fram, kan søkar legge fram anna gyldig dokumentasjon:

  • Vedtak frå NAV
  • Dokumentasjon frå arbeidsgivar som viser vesentlig endring i lønn
Handsaming

Søknadar vert handsama etter kvart med vedtak som gjeld frå og med den første heile månaden etter søknadstidspunktet. Dokumentasjon må då vere levert i lag med søknaden. Søknad utan dokumentasjon vert ikkje handsama. Søknaden varer for eit skuleår (1/8-31/7) om gangen.        

Kontakt

Bjørg Engeset Gjersdal Konsulent
94 84 09 86
@ Bjørg Engeset Gjersdal

Nyhende