Skulefritidsordning (SFO)

Kommunen skal ha eit tilbod om skulefritidsordning før og etter skuletid for 1.-4. årstrinn, og for barn med særskilde behov på 1.-7. årstrinn. Skulefritidsordninga skal leggje til rette for fysisk aktivitet, leik, kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hos borna. Skulefritidsordninga skal gi borna omsorg og tilsyn. Funksjonshemma born skal ha gode vilkår for utvikling. Areala, både ute og inne, skal vere eigna for formålet. Ørsta kommune praktiserer bindande påmelding. Skulefritidsordninga er eit frivillig tilbod finansiert av foreldrebetalinga (9 1/2 månad). 

For feriane gjeld eigne satsar og særskilt påmelding. Også her vert ordninga finansiert av foreldrebetalinga.
Sjå påmeldingskjema for detaljar.

Rektor er øvste ansvarlege, men dei største SFO-ane har SFO-koordinator.

Du søkjer om SFO i Oppvekstportalen, her kan du også gjere endringar og seie opp SFO. 
 

I Ørsta har følgjande skular kommunal skulefritidsordning:

  •  Velle skule
  •  Hovden skule
  •  Dalane skule
  •  Vikemarka skule
  •  Vartdal skule
  •  Sæbø skule

I tillegg vert det drive privat skulefritidsordning ved Åmås friskule.

Grunna ulik organisering av skulekvardagen ved dei einskilde skulane, varierer SFO-tilbodet noko frå skule til skule.


SFO koordinator ved:

SFO koordinator ved:
SFO koordinator ved:
SFO avdeling SFO koordinator Telefon Epost
Dalane skule Audhild Baarholm Øye 700 63 152
Hovden skule SFO Eli Schølberg 911 53 473 eller 947 82 166 sfo.hovden@orstaskulen.no
Sæbø skule SFO Oddvar Aalde 477 15 654
Vartdal skule SFO Gunn Brandal 992 86 980
Vikemarka skule SFO Tone Roppen Sandbakk 905 43 769 sfo.vikemarka@orstaskulen.no
Velle skule SFO Unni Aam 902 99 545

Kontakt

Bjørg Engeset Gjersdal Konsulent
94840986
@ Bjørg Engeset Gjersdal
Dalane SFO
700 63 152
Hovden SFO
911 53 473
Sæbø SFO
477 15 654
Vartdal SFO
992 86 980
Velle SFO
902 99 545
Vikemarka SFO
905 43 769

Nyhende