Heimeundervisning

Føresette til elevar i grunnskulen kan etter § 2-1 i opplæringslova velje å undervise eigne barn heime. Under følgjer meir informasjon om kva plikter og rettar dette inneber for føresette som vel å undervise barna sine i heimen.

Meldeskjema om heimeundervisning

Heimeundervisning

Innhaldet i opplæringa


Opplæringslova § 2-1 om tilsvarende opplæring og § 2-13 må sjåast i samanheng. Med det meiner vi at den private heimeundervisninga skal tilsvare den som blir gitt i offentleg grunnskule. Omgrepet «tilsvarande undervisning» bygger på prinsippet om opplæringsplikt, og ikkje skuleplikt.

Barn og unge skal gjennom opplæring i heimen få moglegheit til å tileigne seg tilsvarande kunnskapar som i den offentlege grunnskulen. Det inneber eit krav om at læreplanverket for grunnskulen skal følgast.

Kriterium for heimeundervisning


Kommunen krev ikkje at du har formell pedagogisk kompetanse for å undervise ditt eige barn, men innhaldet i undervisninga må følgje opplæringslova. Du melder skriftlig i frå til kommunen dersom du skal starte med heimeundervisning. Meldeskjema finn du her.

Kommunen har ikkje plikt til å halde barna med lærebøker eller anna undervisningsmateriell når dei mottek heimeundervisning. Dette inneber til vanleg at læremiddel som eleven har fått utlevert på kommunal skule, t.d. lærebøker og chromebook, skal leverast inn att på skulen. Det kan for korte tidsrom vere aktuelt å inngå ein leigeavtale for undervisningsmateriell mellom kommunen og føresette. Føresette har heller ikkje rett på økonomisk kompensasjon frå kommunen dersom dei underviser eigne barn heime.
 

Privat heimeundervisning må vere åtskild frå skuleverksemd. Skal du undervise andre barn enn dine eigne, må Kunnskapsdepartementet godkjenne drift av skule.
 

Nokre rettar, som til dømes retten til spesialundervisning, særskild språkopplæring og individuell vurdering (karakterar), gjeld ikkje for barn som blir undervist heime.

Tilsyn

 

Etter opplæringslova § 14-3 har kommune heimel for å føre tilsyn med privat heimeundervisning. Lovføresegna inneber at kommunen har både ein rett og ei plikt til å føre slikt tilsyn, og kan òg kalle elevar inn til særskilde prøver. For elevar i Ørsta kommune vil dette bety at dei kartleggingsprøvene som skulane nyttar til vanleg, skal gjennomførast. Dersom barnet ikkje syner forventa progresjon i tråd med kompetansemåla i læreplanverket og i dei grunnleggande dugleikane, vil Ørsta kommune krevje at barnet begynner på skulen.
 

Ungdomsskuleelevar som får privat heimeundervisning, har ikkje rett til ordinært vitnemål med karakterar fra grunnskulen. Det finst heller ikkje noko ordning med privatisteksamen for grunnskuleelevar. Kommunen skal i staden skrive ut ein dokumentasjon om at grunnskulen er fullført. Heimen er ansvarleg for å sende førespurnad om slik dokumentasjon til kommunen i god tid før opptak til vidaregåande skule. Kommunen kan ikkje gje slik dokumentasjon med mindre vi gjennom tilsynet er trygge på at borna har fått opplæring i tråd med gjeldande læreplan. 

Lover og retningsliner


Retten til privat heimeundervisning er forankra i menneskerettskonvensjonen og er slått fast i opplæringslova § 2-1 om «tilsvarande undervisning» og § 2-13 om «privat grunnskoleopplæring i heimen». Krav til privat heimeundervisning etter § 2-13 spring ut av plikta til grunnskuleopplæring etter § 2-1. Plikta varer fra det kalenderåret barnet fyller seks år og til barnet har fullført det tiande året. De kan lese meir om dette i opplæringslova §§ 2-1, 2-13 og 14-3.


Lov og forskrift

Retningsliner

Handsaming av personopplysningar


Ørsta kommune har som mål at informasjonstryggleik og personvern skal vere ein naturleg del av vårt arbeid. Les meir om korleis kommunen handsamar personopplysningar.

Dersom de har spørsmål om innhaldet i denne informasjonen, kan de ta kontakt med seksjon Skule, Ørsta kommune.