Norskopplæring

Ørsta opplæringssenter har ansvaret for å gi opplæring i norsk og samfunnskunnskap til vaksne innvandrarar i kommunen. 

Det vert gitt opplæring på ulike nivå på både dag- og kveldstid.
Ein nyttar nynorsk i opplæringa. Hovedlæreverk: Norsk no!

Følgjande har rett og plikt til 600 timar med gratis norskopplæring:

  • Flyktningar busette i kommunen 
  • Innvandrarar frå land utanfor EØS-området
  • Familiegjenforeinte med norske og nordiske borgarar
  • Asylsøkjarar som har fått opphaldsløyve i Noreg og ventar på busetting

50 av dei 600 timane skal vere undervisning i samfunnskunnskap på eit språk deltakaren forstår. Dei som treng meir undervisning, kan få inntil 2700 timar i tillegg til dei obligatoriske timane. Dei første 600 timane må takast ut innan 3 år, dei resterande innan 5 år.

 

Tidsfrist for gratis opplæring

"Personer med rett og plikt, eller bare rett til opplæring i norsk og samfunnskunnskap, må gjennomføre opplæringen i løpet av tre år dersom de vil ha opplæringen gratis. Fristen begynner å løpe fra den datoen den enkelte fikk innvilget sin første oppholdstillatelse. Kommunene står fritt til å gi opplæring utover tidsfristen, men har ikke en plikt."
 

Følgjande har ikkje rett til gratis norskopplæring:

  • Nordiske borgarar (dvs borgarar av Sverige, Danmark, Finland og Island) 
  • Studentar, arbeidsinnvandrarar og deira familiemedlemmar. 
  • Innvandrarar som har brukt opp timane sine eller har greidd nivå B1. 
  • Dei som har rett til opplæring, men som ikkje har teke ut timane sine innan fristen.

 

Påmelding til norskkurs eller Norskprøve:

Ørsta opplæringssenter
Ripateigane 6
6153 Ørsta

oersta@online.no 
Tlf: 70045840

Meir om norskeksamen på internett
Lenke til påmelding

Norskprøvene vert haldne i mai/juni og i desember kvart år

 

Norsk på høgare nivå (Bergenstesten)

Lenke til informasjon om eksamen, og påmelding kontakt Norsk språktest
 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Sist endra 09.11.2017
Fant du det du lette etter?

snakk med oss.png

Kontakt

Oddbjørn Aam Rektor
48 89 13 78
@ Oddbjørn Aam

Nyhende