Mobbing

Alle elevar har rett til eit godt fysisk og psykososialt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring. Skulane i Ørsta skal arbeide aktivt og systematisk for å utvikle eit godt skulemiljø, der den enkelte eleven kan oppleve tryggleik og sosial tilhøyrsle. Elevane har rett til å delta i planlegginga og gjennomføringa av arbeidet med skulemiljøet. Dersom elev eller føresett ikkje er nøgd med skulemiljøet, kan ein be skulen om å gjere noko med det.

Skulen ved rektor undersøkjer saka og set inn høvelege tiltak.

(Opplæringslova kapittel 9a)

Mobbing finn stad i alle lag av befolkninga i samfunnet, i alle aldersgrupper. I Noreg er det vedteke eit Manifest mot mobbing. Ørsta kommune som organisasjon har skrive under på eit slikt Manifest.

Publisert av Sverre Osdal. Sist endra 06.02.2015
Fann du det du lette etter?