Skulefritidsordning (SFO)

Kommunen skal ha eit tilbod om skulefritidsordning før og etter skuletid for 1.-4. årstrinn, og for barn med særskilde behov på 1.-7. årstrinn. Skulefritidsordninga skal leggje til rette for fysisk aktivitet, leik, kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hos borna. Skulefritidsordninga skal gi borna omsorg og tilsyn. Funksjonshemma born skal ha gode vilkår for utvikling. Areala, både ute og inne, skal vere eigna for formålet. Ørsta kommune praktiserer bindande påmelding. Skulefritidsordninga er eit frivillig tilbod finansiert av foreldrebetalinga (9 1/2 månad). 

For feriane gjeld eigne satsar og særskilt påmelding. Også her vert ordninga finansiert av foreldrebetalinga.
Sjå påmeldingskjema for detaljar.

Rektor er øvste ansvarlege, men dei største SFO-ane har SFO-koordinator.

Du søkjer om SFO i Oppvekstportalen, her kan du også gjere endringar og seie opp SFO. 
 

I Ørsta har følgjande skular kommunal skulefritidsordning:

  •  Velle skule
  •  Hovden skule
  •  Dalane skule
  •  Vikemarka skule
  •  Vartdal skule
  •  Sæbø skule

I tillegg vert det drive privat skulefritidsordning ved Åmås friskule.

Grunna ulik organisering av skulekvardagen ved dei einskilde skulane, varierer SFO-tilbodet noko frå skule til skule.

 

SFO koordinator ved :

SFO avdeling

SFO koordinator

Telefon

Dalane skule SFO

Audhild Baarholm Øye

700 63 152

Hovden skule SFO

Eli Schølberg

911 53 473  eller 947 82 166

Sæbø skule SFO

Mailene Kvalsvik

477 15 654

Vartdal skule SFO

Gunn Brandal

992 86 980

Vikemarka skule SFO

Tone Robben Sandbakk

700 47 733

Velle skule SFO

Unni Aam

902 99 545

Sist endra 31.10.2017
Fant du det du lette etter?

Nyhende

snakk med oss.png

Kontakt

Bjørg Engeset Gjersdal Konsulent
94840986
@ Bjørg Engeset Gjersdal