Ressursteam for born og unge

Ressursteam kan nyttast når ein vaksen er uroa for eit barn/ ein ungdom. Det er eit lågterskeltilbod der ein får møte førsteline-hjelpa samla. 

Aktuelle utfordringar kan vere:

  • Endring i åtferd – td. energinivå, temperament, isolerar seg, kjem i stadige konflikter, verkar inneslutta eller sliten
  • Vanskar med sosial samhandling
  • Bekymringar når det gjeld søvn- og matvanar
  • Endring i prestasjonar og/ eller innsats
  • Auke eller mønster i fråver eller gløyming
  • At barnet/ungdomen vegrar seg for enkelte situasjonar i kvardagen, utan at dei vaksne greier å finne ut kvifor
  • Andre utfordringar. Merk deg at det ikkje er alle aktuelle ufordringar som er nemnt i lista
     

Føremål

  • Bidra til at born som av ulike grunnar treng ekstra stiumulering og omsorg, får god og tidleg hjelp
  • Vere drøftingspart for foreldre/føresette og for pedagogisk personale i barnehage/skule
  • Sikre godt tverrfagleg samarbeid
  • Synleggjere hjelpetenestene for samarbeidspartar og brukarar
  • Ressursteamet er ikkje synonymt med ansvarsgruppemøte eller meint å erstatte dei
     

Samansetning av ressursteamet

  • Føresette
  • Helsestasjon
  • PPT (pedagogisk psykologisk teneste)
  • Barnevernstenesta
  • Kommunepsykolog
  • LOS (frå og med 12 år)
  • Representant frå aktuell barnehage/skule
  • Representant frå helsetenesta
  • Andre det vil vere naturleg å involvere
     

Arbeidsform

Ressursteamet har faste møte etter ein oppsett plan. På alle møte vil ein representant frå kvar av tenestene vere til stades. Meldaren førebur saka. Oppgåva som møteleiar går på omgang.

”Hovudmålet for ressursteamet er å bidra til at born som av ulike grunnar treng ekstra stimulering og omsorg, får god og tidleg hjelp”.
 
Føresette møter saman med barnehagen eller skulen. Heimen kan også be om møte med ressursteamet for å drøfte sitt barn. Dersom føresette vel å ikkje ta del i møtet, må det innhentast skriftleg samtykke til at møtet kan haldast likevel. Dette må vere unnataket, det beste er at dei møter. Barnehagen/skulen kan også drøfte problemstillingar som ikkje omhandlar enkeltbarn.
Fann du det du lette etter?

Nyhende

Chat ikon

Kontakt

Felles barnevern Ørsta, Volda, Ulstein, Hareid
70058800