Skuleskyss

 Elevar har rett til gratis skyss dersom

  • dei går på 1. årstrinn og bur minst 2 km frå skulen
  • dei går på 2.-­10. årstrinn og bur minst 4 km frå skulen
  • skulevegen er særleg farleg eller vanskeleg, uavhengig av kor lang skulevegen er
  • dei må reise med båt

Elevar med funksjonsnedsetjing har rett til gratis skyss til og frå skulen og skulefritidsordninga (SFO), dersom dei treng det, uavhengig av avstanden.

(Opplæringslova kapittel 7) 

Skuleskyss er ei fylkeskommunal oppgåve, og det er utarbeidd eit eige fylkeskommunalt reglement  for denne.

 I tillegg fins det i Ørsta eit kommunalt skuleskyssreglement som opnar for skyss for elevar med kortare skuleveg enn 4 km. I hovudsak gjeld dette på trafikk - eller rasfarlege strekningar.

Møre og Romsdal fylke har utvikla ei teneste på internett for skuleskyssberekning som er meint som eit hjelpemiddel for utrekning av avstand mellom bustad og skule. Tenesta er meint å vere til hjelp for elevar, skular og andre for å finne ut om ein elev kan ha rett til skuleskyss. Avstandsberekninga er ikkje juridisk bindande.

Når det kjem søknadar som ikkje fell inn under nemnde regelverk, er det i Ørsta delegert til seksjonsleiar skule å imøtekome eller avslå desse. Fylkesmannen er ankeinstans.

Elevar med skyssrett som mottek plass i SFO får som hovudregel ikkje tildelt busskort. Dersom eleven likevel ynskjer å nytte skyssretten sin, skal dette meldast skriftleg til skulen. Meldinga vert vidareformidla til transportør og eleven får tildelt busskort i samsvar med innmeldte behov.

Sist endra 17.08.2015
Fant du det du lette etter?

snakk med oss.png

Kontakt

Kari Flø Rådgjevar
70049804
@ Kari Flø

Nyhende