Grunnskuleopplæring for vaksne

Vaksne med rett til grunnskuleopplæring har òg rett til rådgiving for å kartleggje sitt opplæringsbehov, og rett til ei opplæring som er tilpassa kompetansen sin og behov for progresjon. Det blir ikkje stilt krav om at vaksne må gjennomføre opplæring i heile fag.

Ørsta opplæringssenter han ansvar for å gi innbyggjarar i Ørsta kommune grunnskuleopplæring for vaksne.

Opplæringslova gjev mange vaksne lovfesta rett til opplæring, til dømes:

  • Vaksne som har særleg bruk for å halde fram med grunnleggjande opplæring etter fullførd skulegang
  • Vaksne med lese- og skrivevanskar (dysleksi)
  • Vaksne med endra livssituasjon
  • Vaksne som grunna sjukdom har fått tapt eller redusert syn, høyrsle, taleevne m.m.
  • Vaksne som har afasi
  • Vaksne som er framandspråklege
  • Vaksne som er trafikkskadde

Kompetansereforma:

  • Grunnutdanning (grunnskule, vidaregåande opplæring og høgare utdanning)
  • Etter- og vidareutdanning
  • Livslang læring

Ta kontakt om det er noko du lurer på. 

Fann du det du lette etter?

Chat ikon

Kontakt

Oddbjørn Aam Rektor
48 89 13 78
@ Oddbjørn Aam
Flugekvam Oddny Inspektør
95 16 91 71
@ Flugekvam Oddny
Jan Sylte Rådgivar
90267227
@ Jan Sylte
Lærartelefon Grunnskulen
90278933

Nyhende