Grunnskuleopplæring

Alle barn og unge har både rett og plikt til grunnskuleopplæring frå det kalenderåret dei fyller 6 år og til dei har fullført det tiande skuleåret. Rett til grunnskuleopplæring vil seie at alle barn og unge har krav på å få opplæring på ein offentleg grunnskule. Plikt inneber at elevane må delta i grunnskuleopplæring, men ikkje nødvendigvis på ein offentleg skule. Føresette kan òg velje ein privat skule eller heimeundervisning, altså slik at foreldre underviser eigne barn heime.

(Opplæringslova § 2-­1 og § 2-­13)


Har du spørsmål?


Har du som føresett spørsmål om regelverket, tilrår vi at du tek kontakt med den skulen barnet ditt er elev ved. Dersom du ikkje får svar på det du lurer på, kan du kontakte kommunen som er skuleeigar (seksjon skule). Du kan òg vende deg til Fylkesmannen i ditt fylke.

Seksjon skule skal bidra til implementering og gjennomføring av nasjonale og lokale føringar; vere pådrivar for nye prosjekt, tilretteleggje og følgje opp kompetanseutvikling og rettleie skulane våre i ulike pedagogiske endringsprosessar.
 

Ansvarsområdet omfattar m.a.:

  • Kunnskapsløftet
  • Oppfølgjing av fagleg kvalitet i Ørstaskulen
  • Kvalitetsvurdering og -utvikling
  • Fremje læring på alle nivå 
  • Nettsida
  • Sjå til at skulane vert styrt i tråd med opplæringslov og forskrifter
  • Ressurstildeling til skulane
  • Handsaming av enkeltvedtak og klager
  • Samarbeid med andre tenesteområde for å gi elevane gode oppvekstvilkår
Sist endra 10.01.2018
Fant du det du lette etter?

snakk med oss.png

Kontakt

Kirsti Øy Driveklepp Seksjonsleiar skule
90417319
@ Kirsti Øy Driveklepp
Toril Romestrand Hjelle Rådgjevar
70049809
@ Toril Romestrand Hjelle
Kari Flø Rådgjevar
70049804
@ Kari Flø
Eilin Kalvøy Logoped
70049838

Nyhende