Faktura på digipost, avtalegiro eller e-faktura?

Post.jpg - Klikk for stort bilete Vi får mange telefonar med spørsmål om faktura knytt til enten digipost, avtalegiro og/eller e-faktura. I denne artikkelen svarar vi på dei spørsmåla vi høyrer mest. Det er veldig fint om de kan dele denne informasjonen med familie og vener, som har dei same utfordringane.

Digipost

Ofte når ein manglar ein faktura, så handlar dette om at fakturaen er blitt sendt til digipost (di digitale postkasse) i staden for di vanlege postkasse. Kommunekassa har vore i kontakt med digipost, som opplyser om at dei som opprettar ein konto på digipost, godtek ein at det offentlege kan sende brev som t.d. faktura her. 

Om du ikkje ønskjer å få offentlege brev og faktura i di digitale postkasse, må du reservere deg. Dette er ei personleg sak, som kommunen ikkje kan gjere for deg. Her finn du ein rettleiar for korleis du går fram for å reservere deg:  

Reservasjon mot digital post

Har du problem, kan du ringe tlf: 800 30 300

 

Andre spørsmål om digipost, får du svar på her:

Norge.no - Digipost

 

Avtalegiro/e-faktura

Vi får også ei god del spørsmål om kvifor ein ikkje kan sjå faktura i nettbank når ein har avtalegiro. Svaret vi fekk frå banken var at det ikkje er ei slik visning av faktura ved avtalegiro i nettbank, men at ein kan gå inn på avtalen og hake av at ein ynskjer kopi av faktura tilsendt i postkassa.

Ved e-faktura er det ingen problem med å få opp faktura i nettbank, denne løysinga fungerar fint i nettbank.

Om du har fleire spørsmål knytt til dette, kan du kontakte din private bank. 

Fann du det du lette etter?