Seksjonering gebyr

I medhald av lov om eigarseksjonar (eigarseksjonslova) § 15 vedtok Ørsta kommunestyre lokal forskrift om gebyr for forvaltningsoppgåver for 2020, Seksjonering:

Om seksjonering

Gebyr: Seksjonering - A. Generelle reglar

A. Generelle reglar

A.1. Gebyrregulativet gjeld sakshandsaming etter reglane i eigarseksjonslova og omfattar ikkje løyve etter anna regelverk.

A.2. Gebyrsatsane inkludere ikkje tinglysingsgebyr eller ev. dokumentavgift.

A.3. Gebyra er unnateke meirverdiavgift.

A.4. I saker som utløyser dokumentavgift må denne vere betalt før saka sendast til tinglysing.

A.5. Dersom andre enn søkar skal betale gebyret, må det føreligge skriftleg avtale mellom søkar og den som skal ha faktura. Søkar er solidarisk ansvarleg.

A.6. Det er ikkje klagerett på fastsetting av gebyr i enkeltsaker, der gebyret er heimla i eigarseksjonslova § 15. Søkar har likevel høve til å søke om reduksjon av gebyr, der gebyret framstår som klart urimeleg i forhold til dei prinsipp som er lagt til grunn. Søknad om reduksjon av gebyr må innsendast innan 3 veker etter at faktura er motteke.

A.7. Dersom eigar under saksgangen gjer endringar i grunnlaget for matrikkelføring av saka, vert gebyret likevel oppretthalde.

A.8. I ei sak der kommunen må innhente informasjon fra grunnboka ved bestilling av slik informasjon, vil slike kostnader bli lagt til dei andre gebyrkostnadane (ref. MDs rundskriv T-5/09).

A.9. Kommunestyret vedtek gebyrregulativet og endringar i dette, normalt i samband med kommunestyret si handsaming av budsjettet for komande år. Gebyrsatsane skal regulerast årleg, og satsane gjeld frå kunngjeringsdato.

Alle satsar skal avrundast til næraste heile 100 kroner.

 

B. Gebyrsatsar

Gebyr: Seksjonering - B. Gebyrsatsar

B.1. Oppretting av eigarseksjonar, nybygg

a. Til og med 4 seksjonar kr 8 000,-
b. 5 – 8 seksjonar kr 12 000,-
c. Frå 9 seksjonar, tillegg pr ny seksjon* kr 650,-
*Maksimalgebyr: 3 x satsen under pkt b)

B.2. Oppretting av eigarseksjonar, eksisterande bygg

a. Til og med 4 seksjonar kr 12000,-
b. 5 – 8 seksjonar kr 16000,-
c. Frå 9 seksjonar, tillegg pr ny seksjon* kr 900,-
*) Maksimalgebyr: 3 x satsen under pkt b)

 

B.3 Reseksjonering

a. 1- 4 seksjonar eller fellesareal endrast kr 12000,-
b. 5 – 8 seksjonar eller fellesareal endrast kr 16000,-
c. Frå 9 seksjonar, tillegg pr ny endra seksjon* kr 900,-

B.4. Synfaring

Synfaring av eigedom vert utført når kommunen finn dette nødvendig for handsaming av saka.
Gebyret kjem i tillegg til handsamingsgebyr under B1-B3 kr 3500,-

B.5. Sletting (oppheving) av seksjonert sameige

Sakshandsaming for å slette seksjonar på ein eigedom kr 5000,-

B.6. Saker som ikkje vert fullfør

Når saka av ulike grunnar ikkje kan sluttførast, kommunen avslår søknad eller søkar trekk søknad:
a. Avsluttast ei sak før sakshandsaming er påbegynt, skal det ikkje betalast gebyr.
b. Avsluttast ei sak etter at sakshandsaming er påbegynt beregnast 60% av sats etter B1-B3 avhengig av sakstype.

B.7. Oppretting av eksklusive uteareal

Krever eigen søknad og er omfatta av «gebyrregulativ for arbeid etter matrikkellova»

B.8. Utskrift av matrikkelbrev

kr. 210.-