Private reguleringsplanar gebyr

Med heimel i plan- og bygningslova § 33-1 vedtek Ørsta kommunestyre forskrift om gebyr for handsaming av private reguleringsplanar, private reguleringsendringar og søknader om dispensasjon frå kommuneplan og reguleringsplan slik den ligg føre revidert 17.10.2018

Nytt regulativ vert gjort gjeldande frå 01.01.2019.
 

Gebyr: Private reguleringsplanar

1. Generelt:

For at eit planframlegg eller søknad om dispensasjon skal verte teke opp til handsaming, skal det betalast gebyr. Betaling av gebyr påverkar ikkje utfallet av saka, og kan ikkje krevjast tilbake om det vert gjeve avslag på søknaden. Alle typar planar og planendringar skal leverast i digital form i samsvar med dei krav til format som til ei kvar tid er gjort gjeldande.

 

1.1 Regulativet omfattar slike saker:

a. Private framlegg til reguleringsplanar - detaljplanar (jfr. pbl §12-3)

b. Søknad om endring av gjeldande reguleringsplan (jfr. pbl. §12-14)

c. Søknad om mindre endringar og små endringar i gjeldande reguleringsplan (jfr. pbl §12-14)

d. Søknad om dispensasjonar frå arealplanar og/eller lov eller føresegner (jfr. pbl. kapittel 19)

 

1.2 Regulativet omfattar likevel ikkje:

Søknader som ikkje verkar inn på andre fagmynde sine interesser og som ikkje treng sendast på ekstern høyringsrunde, herunder mindre tomtetillegg og frådeling av areal rundt eksisterande bygning som ikkje medfører endra arealbruk og ”frådeling til uendra bruk”.

 

1.3 Fritak frå gebyr:

Det kan gjevast heilt eller delvis fritak frå handsamingsgebyr dersom alle dei følgjande vilkåra er oppfylt:

1. Tiltaket må heilt og fullt ha ideelle føremål og/eller tene allmenne interesser. Tiltaket skal ikkje tene berre ei mindre gruppe personar eller særinteresser

2. Søkjaren må vere lokal foreining eller lag med ideelt føremål, unntaksvis kan også enkeltperson(ar) vere søkjar

3. Tiltaket skal ikkje tene næringsføremål eller gje inntekter til søkjar

4.Tiltaket må vere av mindre omfang

2. Handsamingsgebyr

Før saka vert teken opp til administrativ handsaming skal det betalast eit handsamingsgebyr på kr. 13.000,-

3. Arealgebyr for reguleringsplanar

I tillegg til handsamingsgebyr skal det betalast eit arealgebyr for handsaming av framlegg til reguleringsplan (detaljreguleringsplan) etter det samla arealet planen omfattar. Dette gjeld byggeområde og fellesområde, vegar og annan privat arealbruk, åleine eller i kombinasjon med andre føremål. Arealbruksføremål knytt til allmenne interesser, offentlege byggjeområde, landbruksområde, spesialområde bevaring/vern og andre føremål som ikkje vert rekna som privat arealbruk er unntatt frå arealgebyr. Der kommunen gjev pålegg om utviding av planområdet for areal som alt er utbygd i samsvar med aktuelt reguleringsføremål, skal dette ikkje inngå i grunnlaget for arealgebyret.

Arealgebyret skal betalast etter at planutvalet har gjort vedtak om utlegging til offentleg ettersyn, men før planen vert annonsert og utlagt til offentleg ettersyn. Dersom planutvalet avviser planen, skal det betalast 50 % av arealgebyret. Dersom forslagstillar krev planen lagt fram for kommunestyret, skal det betalast fullt gebyr uavhengig av utfallet av saka.
 

3.1 Arealgebyr:

a) Fast gebyr inntil 5000 m² kr. 24.900.-

b) For kvar påbyrja 1000 m² for areal mellom 5 001 og 30 000 m² kr. 1.600.-

c) For kvar påbyrja 10 000 m² ut over 30 000 m² kr. 3.180.-

 

3.2 Konsekvensutgreiing:

I dei tilfelle reguleringsplanen skal utarbeidast med konsekvensutgreiing (KU), jf. forskrift om konsekvensutgreiingar, skal det for kommunen sitt arbeid betalast eit gebyr tilsvarande 50% av pkt. 3.1.a). Utgifter som kommunen måtte ha til ekstern fagleg bistand kjem i tillegg.

 

3.3 Reguleringsendring

a) Endra arealbruk: Ved planframlegg som gjeld endra arealbruk skal det i tillegg til handsamingsgebyret betalast arealgebyr lik satsane i punkt 3.1.

b) Endring av reguleringsføresegner: Dersom framlegget berre gjeld endring av reguleringsføresegnene, skal det ikkje betalast arealgebyr i tillegg til handsamingsgebyret.

c) Mindre reguleringsendring: Dersom endringa må sendast på full høyringsrunde skal som hovudregel punkt 3.1 nyttast. Ved handsaming utan full høyringsrunde skal gebyret følgje satsane for dispensasjon.

d) Små reguleringsendringar: kr. 4.100,-

 

3.4 Hytteplanar

For hytteplanar som framstår som store flateplanar med låg utnyttingsgrad, skal det betalast "arealgebyr" tilsvarande 50% av handsamingsgebyret i punkt 1 for kvar ny hytte planen omfattar, dersom dette gjev lågare gebyr enn etter punkt 3.1.

4. Særskilde utgreiingar/undersøkingar

Tiltakshavar må koste granskingar som følgje av kulturminnelova (t.d. arkeologiske undersøkingar), plan- og bygningslova (t.d. flaum- og skredfarevurderingar) og evt. andre særskilde utgreiingar som må gjennomførast som følgje av tiltaket sitt omfang, karakter eller lokalisering.

5. Justering av gebyrsatsane

Gebyrsatsane skal justerast årleg med verknad frå 1. januar.

 

 

 
Fann du det du lette etter?