Institusjon pris

Kommunen kan kreve betaling for opphald i institusjon jf. Forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester. Alle med langtidsopphald i institusjon må betale ein eigenandel for opphaldet kvar mnd. Vi bereknar eigenandel for langtidsopphald og korttidsopphald over 60 døgn/ år på bakgrunn av inntekt og personlege økonomiske forhold.


I Ørsta kommune er det sakshandsamarane ved fellesavdelinga på Ørstaheimen som fattar betalingsvedtak for opphald i institusjon.

Forskrift om eigenandel

Skjema over inntektstilhøve og betalingsvedtak

Ved vedtak om langtidsopphald eller korttidsopphald over 60 døgn/år vert det sendt ut eit skjema. På skjemaet kan ein underteikne slik at sakshandsamarar kan innhente opplysningar om inntekt. Det er fint om ein i tillegg kan fylle ut kva type pensjonar/ inntekt ein har, om det er kun frå NAV eller om ein har private pensjonar i tillegg.

Når ein får vedtak om langtidsopphald skal ein ikkje betale eigenandel den fyrste månaden, med mindre ein allereie har vore over 60 døgn på korttidsopphald same år. 

Når signert skjema kjem i retur kan vi innhente dei opplysningane vi treng, slik at eigenandelen kan reknast ut. Tida frå ein skal starte å betale  og fram til automatisk trekk frå NAV kan startast, vert fakturert av kommunen på ein eigen faktura.

Når betalingsvedtaket er klart, vil det stå i vedtaket når automatisk trekk frå NAV startar og om ein skal betale tilleggsrekning på grunn av inntekt utanfor NAV (t.d. private pensjonar) og evt. det ein må betale for tida før automatiske trekk kom i gang. 

 

Langtidsopphald institusjon

 

Institusjon pris: Langtidsopphald

Inntekt, frådrag, berekningsgrunnlag og etteroppgjer

Inntekt
Kommunen fastset eigenandel/ mnd. på bakgrunn av inntekt. Inntekta omfattar pensjon og andre faste trygdeinntekter, arbeidsinntekt, næringsinntekt og leigeinntekter. Formue blir ikkje tatt med i berekning av eigenandelen. På etterrekninga kvart år vert renteinntekt, utbytte av aksjar og anna avkastning av formue rekna med i årets inntekt. 
 

Frådrag
Skatt, gjeld, gjeldsrenter og frådrag for heimebuande ektefelle og/ eller barn  er vanlege frådrag ein får, når eigenbetaling skal reknast ut. Frådrag for heimebuande ektefelle/barn vert redusert dersom ektefelle/barn har eigen arbeidsinntekt eller pensjon. 


Berekningsgrunnlag
Berekningsgrunnlaget er beløpet vi får når vi summerer inntekter og trekkjer ifrå frådraga. 
Skatt, gjeldsrenter og frådrag for heimebuande ektefelle og/ eller barn vert trekt ifrå summen av inntekta, slik at ein sit igjen med berekningsgrunnlaget.

Berekningsgrunnlaget er utgangspunktet for å rekne ut den eigenandelen bebuaren skal betale kvar mnd. 
Bebuaren skal sitte igjen med 25% av forketrygdas grunnbeløp ( Grunnbeløp frå 01.05.2019 = kr 99 858), samt 75% av fribeløpet ( Kr 8700 for enkeltrom og kr 41600 for dobbeltrom i 2020) og 15% av berekningsgrunnlaget over folketrygdas grunnbeløp.

Når ein tek berekningsgrunnlaget og trekk ifrå det bebuar skal sitte igjen med, kjem ein fram til det kommunen kan krevje. 
Grunnen til at ein reknar ut 75% av fribeløpet og ikkje 100% er at siste 25% berekningsmessig er blitt inkludert når vi først har berekna 25% av heile grunnbeløpet. Dette er omtalt i forskrifta som fordelen av fribeløpet. 
 

Etterrekning 
Kommunen er plikta til å ta ei etterrekning kvart år, når liknings- og skatteoppgjeret for føregåande år er klart. Grunnen til det er at vi bereknar eigenbetalinga på grunnlag av opplysningar frå mellom anna NAV som kan verte endra i skatteoppgjeret. Når likninga er klar veit vi kva inntektene og skatten faktisk vart. Har du betalt for lite, sender vi ei regning og har du betalt for mykje vil du få att pengar.  


Frådrag og inntekt som berre er med i etterrekninga

  • Formueskatt vert ikkje med som eit frådrag på etterrekninga.
  • Renteinntekter og aksjeutbytte er berre med som inntekt i etterrekninga.
  • Kommunen kan forandre størrelsen på eigenandelen når vi får beskjed om endringar i inntekt og frådrag. Du må difor gi skriftleg beskjed til sakshandsamar dersom inntekt eller frådrag blir vesentleg endra, slik at vi kan berekne ein ny eigenandel.
  • Inntekt og frådrag blir elles berre undersøkt og oppdatert to gongar i året for alle bebuarar, vår og haust.
     

 

 

Kortidsopphald i sjukeheim

Institusjon pris: Korttidsopphald

Pris korttidsopphald

Pris korttidsopphald
Vederlag for korttidsopphald i sjukeheim er regulert av same forskrifta som langtidsopphald i sjukeheim.
Kommunen kan ta betaling for korttidsopphald frå første dag. Prisen er kr 170 frå 01.01.2020.


Pris korttidsopphald over 60 døgn
Dersom ein har vore over 60 døgn på korttidsopphald eit år, vert eigenbetalinga beregna ut ifrå inntekt på same måte som ved langtidsopphald. 


Frå 1 januar kvart år går ein tilbake til å betale vanleg fastpris for korttidsopphald igjen.
 

 
 

Klage

Du kan klage på vedtak om eigenandel til Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Fristen er fire veker frå du har mottatt vedtaket, jf. Forvaltningsloven §28.

Klagen sendast til:
Ørsta kommune
Fellesavdelinga ved Ørstaheimen
Håkonsgata 78 
6150 Ørsta.

 

Kontaktinformasjon:

Ta gjerne kontakt sakshandsamar ved Fellesavdelinga ved Ørstaheimen om du har spørsmål.
Tlf: 70 04 88 00 (kl. 08.00 - 16.00, måndag til fredag)

Kontakt

Fellesavdelinga Ørstaheimen
70048800

Nyhende