Heimehjelp/praktisk bistand satsar

Heimehjelp/praktisk bistand er ei betalingsteneste, der satsen vert vedteke av Ørsta kommunestyre.

Satsane for 2019:

.
  Inntektsgrunnlag Pris pr. mnd 2018
0-2 G Inntil kr 193 766,- kr. 210,- *
2 -3 G kr 193 767 til kr 290 649,- kr. 1 300,-
3 -4 G kr 290 650 til kr 387 532.- kr. 1 600,-
4 -5 G kr 387 533 til kr 484 415,- kr. 1 900,-
>5 G Kr 484 416 og over kr. 2.200,-
  Timesats for enkelttimar kr. 380,-
*Fastsett i sentral forskrift og kan bli endra.
 

Abonnement

Etter eiga forskrift skal alle med inntekt under 2G betale maksimalt kr. 210,- pr. mnd. Brukarar som mottek tenester som medfører eigenbetaling som er høgare enn øvre tak i si inntekstgruppe, skal betale fast abonnement som vist i tabellen.
 
Dei som ikkje nyttar avtala hjelpeordning ein månad, får fritak for betaling den aktuelle månaden. Abonnementet går elles som avtala, sjølv om brukaren i einskilde månader ikkje gjer seg nytte av tiltaket fullt ut.

 

Timebetaling

Timesatsen for hjelp i heimen er sett til kr. 380,-
Betaling etter timesats gjeld for :
  • kortvarige eller tilfeldige avtalar/vedtak om praktisk hjelp
  • faste/varige avtalar med tal på timar som medfører månadsbetaling som er mindre enn abonnementbetalinga for si inntektsgruppe (sjå tabell)
     

Betalingsvanskar

Brukarar av hjelpeordninga som grunna lav inntekt eller store utgifter har vanskar med å sikre eige livsopphald, kan i særlege tilhøve søkje om redusert betaling/fritak for eigenbetalinga.
Fann du det du lette etter?