Feiing og tilsyn gebyr

Med heimel i brann- og eksplosjonsvernlova § 28 . ledd vert det kravd gebyr for gjennomføring av lovbestemt feiing og tilsyn i Ørsta kommune. Gebyret blir ikkje auka frå 2018 til 2019.
 

Kommunestyret vedtok fylgjande forskrift for 2019:

(Alle prisar er inkl.mva)

  1. Vanlege bustadhus, skule, forsamlingshus og liknande. Kr. 505,- 
    Frå og med pipe nummer 2 vert det halvt gebyr pr. pipeløp i same bueining.
    Gebyret er pr. bueining i fleirmannsbustadbygg (Seksjonert bueining/bueining i burettslag/bueining i fleirbustad med eige gnr/bnr)
     
  2. Fritidsbustad, hytte og liknande. Kr. 505,-
    Frå og med pipe nummer 2 vert det halvt gebyr pr. pipeløp.
    Gebyret er pr. hytteeining i fleirmannshyttebygg (Seksjonert eining med eige gnr/bnr)
     
  3. Fabrikkpipe kr. 750,-

     
  4. Timesats kr. 645,- pr. person, Timesats blir nytta ved arbeid utanom pålagt feiing og tilsyn. Til dømes for kontroll av røykkanal etter pipebrann, reingjering av oljefyringsanlegg m.m.

     
  5. Gebyr for manglande tilgang til fyringsanlegg for feiing og tilsyn kr. 500,-
    Om kommunen, etter varsling nr. to, ikkje får tilfredstillande tilgang til fyringsanlegget, fordi eigar ikkje har vore til stades og/eller ikkje har lagt forholda til rette for tilgang, vert det gjeve særskilt gebyr.

 

Varsling om feiing og tilsyn

Varsel for feiing og tilsyn vert i første omgang køyrd ut dagen før feiinga og/eller tilsynet. Har ein ikkje har moglegheit på det tidspunktet vil ein få ny varsling, denne gongen minst ei veke i forkant. Passar ikkje dette må ein gi beskjed minst tre dagar før, om ikkje får ein eit gebyr for manglande tilgang til fyringsanlegget. Skjer dette over lengre tid vil det verte gjeve fyringsforbod på anlegget.