Deling og oppmåling gebyr

Etter lov 2005-06-17 nr 101 Lov om eigedomsregistrering (Matrikkellova) og 1997-05-23-31 Lov om eierseksjoner.

Kommunestyret vedtok 01.11.2018, sak 79/18, fylgjande forskrift for 2019: 


Kart og oppmåling

Seksjonering

 

5 Gebyrsatsar frå 01.01.2019

Gebyr for arbeid etter matrikkellova (Lova § 32, forskriftene § 16) vert fastsett som følgjer:

Kostnadar som kommunen vert påført i samband med å hente inn relevante opplysningar i samband med oppmålingsforretninga og gebyr og avgifter som kommunen skal krevje inn for statlege etatar som til dømes tinglysingsgebyr og dokumentavgift, vert fakturert vidare til rekvirenten og kjem i tillegg til satsane under.
 

Gebyr: Deling og oppmåling

5.1  Oppretting av matrikkeleining

5.1.1  Oppretting av grunneigedom og festegrunn

Areal frå

0 -

2 000 m2

kr. 16 043.-

Areal frå

2 001 -

20 000 m2 auke pr. påbegynt da.

kr. 734.-

Areal over 20 000 m2 etter medgått tid.

Kr. 645.- pr. time.

Minstegebyr

kr. 29 255.-

 

5.1.2  Matrikulering av eksisterande umatrikulert grunn

areal frå 0 – 2000 m²  kr 2 747.-
areal frå 2001 -20 000m² auke pr. påbegynt da. kr 429.-

Areal over 20 001m² etter medgått tid, då ikkje under sats for 20 000m²


5.1.3  Oppmåling av uteareal på eigarseksjon

Gebyr for oppmåling av uteareal for 1 eigarseksjon kr 6 850.-

Auke i gebyr for oppmåling av uteareal utover 1 eigarseksjon, pr seksjon kr 3 425.-

 

5.1.4  Oppretting av anleggseigedom

Gebyr vert fastsett etter medgått tid. Timepris kr 645.- Minstegebyr kr 2 747.-


5.1.5  Registrering av jordsameige

Gebyr for registrering av eksisterande jordsameige vert fakturert etter medgått tid. Timepris kr 645.- Minstegebyr kr 2 747.-

 

5.1.6  Oppretting av tilleggsareal som eigen matrikkeleining som tillegg til eksisterande grunneigedom eller festegrunn.

Gebyr = kr 5 615.- + kr 7,11 per m²

 

5.1.7  Oppretting av punktfeste.

Gebyr for oppretting av matrikkeleining for punktfeste kr 8022.-

Gebyr for oppretting av matrikkeleining der punktfestet er planlagt og koordinatbestemt i jordskiftesak, skal det reknast minstegebyr kr 2 747.-

5.2 Oppretting av matrikkeleining utan fullført oppmålingsforretning

Viser til 5.1.1, 5.1.2, 5.1.4 og 5.1.5. I tillegg kan det kome tilleggsgebyr for å utføre oppmålingsforretning

 

5.2.1 Avbrot i oppmålingsforretning eller matrikulering

Gebyr for utført arbeid når saka vert trekt før den er fullført, om den må avvisast, ikkje lar seg matrikkelføre på grunn av endra heimelsforhold eller om saka av andre grunnar ikkje kan fullførast, vert gebyrsatsane sett til 1/3 .

5.3  Grensejustering

5.3.1  Grunneigedom, festegrunn og jordsameige

Ved gebyr for grensejustering kan arealet for involverte eigedomar justerast med inntil 5 % av eigedomens areal. (maksimalgrensa er sett til 500 m²). Ein eigedom kan imidlertid ikkje avgi areal som i sum overstig 20 % av eigedomens areal før justeringa. For grensejustering til veg- eller jernbaneformål kan andre arealklasser gjelde.

Gebyr = kr 5 615.- + kr 7,11 per m²

 

5.3.2  Anleggseigedom

For anleggseigedom kan volumet justerast med inntil 5 % av anleggseigedomens volum, men den maksimale grensa er satt til 1 000 m³

Gebyr vert fastsett etter medgått tid. Timepris kr 645.- Minstegebyr kr 2 747.-

5.4  Arealoverføring

5.4.1  Grunneigedom, festegrunn og jordsameige

Ved arealoverføring skal oppmålingsforretning og tinglysing gjennomførast.

Arealoverføring utløyser dokumentavgift. Dette gjeld ikkje arealoverføring til veg- og jernbaneføremål.

Når det gjeld dokumentutforming og utveksling av pengeytelse mellom partane, kan kommunen etter forskrift til matrikkellova §15, krevje at partane sjølv handterer dette, eventuelt at partane let seg bistå av eigedomsmeglar, advokat eller liknande.

0 - 250 m²: kr 13 704.-

251 m² - 500 m²: kr 15 611.-

Arealoverføring pr. nytt påbegynt 500m2 medfører ein auke av gebyret på kr 429.-


5.4.2  Anleggseigedom

For anleggseigedom kan volum som skal overførast frå ei matrikkeleining til ei anna, ikkje vere registrert på ei tredje matrikkeleining. Volum kan kun overførast til ei matrikkeleining dersom vilkåra for samanslåing er til stades. Matrikkeleininga skal utgjere eit samanhengande volum.

Når det gjeld dokumentutforming og utveksling av pengeytelse mellom partane, kan kommunen etter forskrift til matrikkellova §15, krevje at partane sjølv handterer dette, eventuelt at partane let seg bistå av eigedomsmeglar, advokat eller liknande.

areal frå 0 – 250 m3 kr 13 704.-

areal frå 251 – 500 m3 auke pr. påbegynt da. kr 15 611.-

volumauke pr. nytt påbegynt 500m3 medfører ein auke av gebyret på kr 429.-

5.5  Klarlegging av eksisterande grense (koordinatbestemt)

der grensa tidligare er koordinatbestemt ved oppmålingsforretning:

For inntil 2 punkt kr 3 290,-
For overskytende grensepunkter, pr. punkt kr 925,-

5.6  Klarlegging av eksisterande grense (ikkje koordinatbestemt)

der grensa ikkje tidligare er koordinatbestemt.

For inntil 2 punkter kr 6 888,- For overskytande grensepunkter, pr. punkt kr 1 336,-
Dersom alle grensene kring eigedomen skal gåast opp, skal det betalast gebyr etter § 5.1

5.7. Privat grenseavtale

Gebyr vert fastsett etter medgått tid. Timepris kr 645.- Minstegebyr kr 2 747.-

5.8  Andre oppmålingstekniske arbeid

Gebyr for oppmålingstekniske arbeid som ikkje vert dekt av dei satsane som nemnde ovanfor, skal utreknast etter brukt tid. Timeprisen vert Kr 645.- + mva. Ved markarbeid vert det lagt til bruk av oppmålingsutstyr kr 300.- pr time. Meirverdiavgift skal eventuelt leggast til etter gjeldande reglar.

5.9  Forandringar i grunnlaget for matrikkelføring av saka

Gjer rekvirenten under saksgangen endringar i grunnlaget for matrikkelføringa av saka, opprettheld ein likevel gebyret.

5.10  Utferding av matrikkelbrev

Matrikkelbrev kr 210,-

Endring i maksimalsats vert regulert av Statens kartverk i takt med den årlege kostnadsutviklinga.

5.11  Gebyr for handsaming etter lov om eierseksjonering.

(ikkje oppdatert for 2019 enno)

Gebyr for løyve til seksjonering, dersom det ikkje vert halde synfaring vert sett til kr 2 580,- (3 x rettsgebyret).

Gebyr for løyve til seksjonering dersom det må haldast synfaring vert sett til kr 4 300,- (5x rettsgebyret).

5.12  Matrikkelføring der Statens vegvesen er gjennomfører oppmålingsforretning.

Matrikkelføring for saker der Statens vegvesen gjennomfører oppmålingsforretning for veggrunn, skal gebyr reknast etter medgått tid, timepris kr 645,- minstegebyr kr 2 747,-

5.13  Nedsett gebyr etter matrikkellova.

Etter matrikkelforskrifta § 18 skal kommunen gjennomføre oppmålingsforretning og fullføre matrikkelføring innan 16 veker etter rekvisisjonsdato eller etter delingsvedtak er gjort og klagefrist er utgått. Vert denne fristen overskride skal gebyret for oppmålingsforretninga og matrikkelføringa avkortast i samsvar med forskrifta.

Denne bestemmelsen skal ikkje nyttast vinterstid, jf. forskrifta § 18 tredje ledd. Ørsta kommune definerer vinterstid som tidsrommet frå og med 1.desember til og med 1 april. I denne perioden tel ikkje vekene med i tida på 16 veker for fullføring.

5.14  Betalingsvilkår

Betaling etter vilkår i pkt. 4.1 til 4.7.

Gebyrkravet vert retta mot rekvirent dersom ikkje anna skriftleg er avtalt.

Gebyr for arbeid etter matrikkellova skal utreknast etter det regulativet som gjeld den dato kommunen mottek ein fullstendig rekvisisjon.

Kostnader som kommunen vert påført i samband med å hente inn relevante opplysningar i samband med oppmålingsforretninga og gebyr og avgifter som kommunen skal krevje inn for statlege etatar som til dømes tinglysingsgebyr og dokumentavgift , vert fakturert vidare til rekvirenten og kjem i tillegg til satsane over.

Når kommunen sine arbeid er utført, reknar kommunen ut det endelege gebyret og skriv ut rekning. Timekostnad i dette regulativ skal dekkje både direkte og indirekte kostnader.

Meirverdiavgift skal ikkje reknast med unnatak for pkt. 5.8, der mva. skal leggast til etter 

 

Fann du det du lette etter?

Kontakt

Guttorm Øye Fagleiar Oppmåling
90184121
@ Guttorm Øye
Kristian Schjetne Ingeniør kart og oppmåling
97082122
@ Kristian Schjetne
Jostein Vatne Ingeniør kart og oppmåling
70049778
@ Jostein Vatne

Nyhende