Val 2019

Klikk for stort bilete

9. september 2019 er det kommunestyre- og fylkestingsval. Denne sida vil bli brukt til å halde deg oppdatert på valrelatert innhald.  

Valg.no

 

Tidspunkt:

Dette skjer: 

des - jan

Tilskot til informasjon

feb - mar

Lister og parti

mai - jun

Stemmerett

jul - sep

Førehandsrøysting

sep - sep

Valdag og gjennomføring

sep - okt

Valresultat og valoppgjer

Informasjonsbrosjyrer (på fleire språk)

 

Ofte stilte spørsmål:

Val2019

Kan eg røyste?

Om du har vore folkeregistrert i Noreg dei siste tre åra kan du stemme ved årets val. 

Er du norsk statsborgar, kan du røyste dersom du:

  • Er 18 år, eller fyller 18 år i løpet av 2019
  • Er, eller har vore, registrert busett i Noreg i løpet av dei siste 10 åra før valdagen

Les meir

Kva kommune skal eg røyste i?

Den kommunen du var folkeregistrert i per 30. juni i valåret, avgjer kvar du er ført i manntalet og har stemmerett. 

Manntalet er ei liste over alle personar som har stemmerett ved val i Noreg. Det er folkeregisteret som vert lagt til grunn for manntalet. Om du registrerar flytting til ei annan kommune etter 30 juni i valåret, har du stemmerett i di gamle bustadskommune.

 

Les meir

 

Er du folkeregistrert i ein annan kommune?

Du kan førehandsrøyste i ein annan kommune enn der du står manntalsført, men då må du hugse å gjere dette i god tid, slik at røystesetelen når fram til heimkommunen din med brevpost innan valdagen. 

 

Kvar kan eg førehansrøyste?

På servicekontoret:

Mellom 12. august og 6. september kan du førehandsrøyste på Ørsta rådhus, mellom kl. 08.00 og 15.30. Torsdag 5. september her Servicekontoret langope til kl. 18.00. 

 

Du kan også førehandsrøyste:

  • På AMFI Ørsta: laurdag 31. august mellom kl. 11.00 – 15.00 
  • I Norangsfjorden på tidlegare Urke skule: onsdag 4. september mellom kl. 15.30 til 18.15.

 

På institusjonar i Ørsta kommune:

  • Ørstaheimen: onsdag 21. august frå kl. 10.30 til 12.30
  • Vartdal Helsetun: måndag 19. august frå kl. 11.00 til kl. 12.30
  • Hjørundfjordheimen: tysdag 20. august frå kl. 10.00 til kl. 11.30
  • Bakk-Ola-marka: fredag 30. august frå kl. 11.00 til kl. 12.00

 

NB: Det er òg høve til å sende søknad til Ørsta valstyre om å få røyste heime. Fristen for å søkje om det er onsdag 4. september.

Kvar kan eg røyste ved Valet 8. og 9. september?

Søndag 8. september: 


Kulturhuset: 13.00 - 18.00


Valdagen måndag 9. september: 


Dalane skule: 14.00 - 20.00

Hovden skule: 13.00 - 20.00

Kulturhuset: 08.00 - 21.00

Sæbø skule: 14.00 - 21.00

Vartdal skule: 14.00 - 20.00

Korleis røyster eg?

Sjå forklaring på bileta under for korleis du røyster og gjev personrøyster ved valet. Under valet er det ikkje lov til å stryke personar frå lista. 

(trykk på bileta for å gjere dei større) 

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

 

Fann du det du lette etter?

Kontakt

Arnstein Nupen Rådgjevar/ jurist
48074265
@ Arnstein Nupen
Inger Johanne Løeng Konsulent politisk sekreteriat
91108618
@ Inger Johanne Løeng

Nyhende