Barn- og ungerepresentant

For å ivareta barn og unge sine interesser i plan- og byggesaker har Ørsta kommune ein barn- og ungerepresentant. Barn og unge er alle mellom 0-18 år. Rolla til barn- og ungerepresentanten er å sjå til at barn og unge sine interesser vert synlege og ivaretatt i plan- og byggesaker. Det er lovpålagt å involvere barn og unge i utforming av deira nærområde.

Barne- og ungerepresentanten kan gje innspel, råd og rettleiing for å sikre barn og unge sine interesser når planar vert utarbeidde. Barne- og ungerepresentanten er barn og unge sitt talerør, og skal bidra til at barn og unge får høve til å delta i planprosessar og bli høyrt i saker som gjeld dei. Barne- og ungerepresentanten har møte- og talerett i alle utval som handsamar plansaker.

 

Lenker:

Fann du det du lette etter?