TidlegrøystingTidlegrøysting er eit tilbod til dei som ikkje har høve til å røyste i den ordinære førehandsrøysteperioden (frå 10. august) eller på valdagen (10. og 11. september). Du treng ikkje vere folkeregistrert i Ørsta for å røyste her i tidleg- og førehandsperioden Dato: 3. juli til 9. august Opningstid: kl. 09.00–15.00 Stad: Servicekontoret, Ørsta rådhus Hugs legitimasjon. Lurer du på kven du skal røyste på? Sjå vallistene for kommunestyrevalet og fylkestingsvalet.