Ørsta - hjartet av Sunnmørsalpane

norwegian.png english.png germany.png spain.png

 

Sunnmørsalpane

 
Majestetiske tindar og alpine fjellformasjonar skil Sunnmørsalpane frå andre fjellområder. Fjella stuper loddrett i fjorden frå 1500-1600 meters høgd. Sunnmørsalpane strekkjer seg frå Nordfjord i sør til Storfjorden i nord. Området rundt Hjørundfjorden i Ørsta kommune er omtalt som sjølve hjartet av sunnmørsalpane, som er godt eigna til fantastiske naturopplevingar sommar som vinter, frå tare til tind. Her er eit godt utbygd fotrutenett med turmål i alle vanskegrader frå familieturmål til høge tindar.  
 
Turistforeininga (DNT) har 3 hytter i området vårt, Patchellhytta, Standalhytta og Tyssenaustet.   
 

 

Sunnmørsalpane guide
 

Sunnmørsalpane Ørsta & Volda guide

Sunnmørsalpane Hjørundfjorden - Ørsta


Ørsta kommune

 
Ei av dei største landbrukskommunen i Møre og Romsdal, og jordbruk er ei viktig næring. Likevel er Ørsta framfor alt ei industrikommune med eit breitt og variert industrimiljø, hovudsakleg med møbel-, metallforedlings- og næringsmiddelindustri med til dømes meieri og fiskeindustri.

Innbyggjartalet er knapt 10 700, og av desse bur om lag 6 500 i kommunesenteret. Ørsta er ein aktiv kulturkommune med meir enn 350 lag og foreiningar. 
 
Ørsta har gode kommunikasjonar. Ørsta/Volda Lufthamn Hovden har daglege flysamband med Bergen og Oslo. På Rystelandet er det djupvasskai. Ørsta er trafikkknutepunkt for kyststamveg E39 og FV655.
 

 

Ørsta sentrum.

 
Ørsta sentrum, ein typisk norsk bygdeby, også kalla den kvite byen, er industristad og ligg omkransa av dei vakre Sunnmørsalpane inst i Ørstafjorden på Sunnmøre. Sentrum har alt du treng. Vikegata, Ørsta si nye handlegate med sitjegrupper og sosiale møteplassar. To nye kjøpesenter Ørsta Torg og Amfisenteret, har meir enn 60 butikkar, kafear og serveringsstader. Om sommaren opnar kafear og restaurantar for uteservering, og byr på eit urbant miljø og eit yrande folkeliv. Her ligg kunst- og kulturkafèen Fru Svendsen, Fugl Føniks Kaffibar, Hotell Ivar Aasen og det nye Ørsta kunstgalleri. Der er det – i tillegg til aktuelle utstillingar - permanent utstilling av bilete av den verdskjende kunstnaren Olav Strømme, som kom frå Ørsta.
 
Ørsta har kunstgrasbane, fotball- og friidrettsstadion, symjehall. Bygda har lysstøyperi, kunstglas- og keramikkverkstad, bilete laga av ull, og i eit gammalt stabbur på Brudavollen, 5 km frå sentrum, ei lita sølvsmie som lagar gamle kongekjeder i sølv.Her er kulturhus med moderne kino og godt kulturtilbod. Ungdomane har sin eigen tilhaldsstad med mange aktivitetar i Kaihuset, og utestaden Rust Club & scene er ein av dei beste musikkscenene i landet, og svært populær.
 
Den nye parken, Ørsta Hamnepark, vert ferdig hausten 2010. Det vert bygt strandpromenade mot sjøsida, og med samanhengande gangveg til Ørsta småbåthamn og langs Vikeelva. Småbåthamna er ei perle av dei sjeldne. Ho vart i 2002 kåra til ei av dei beste småbåthamnene i landet.
 
Eit særpreg for Ørsta sentrum er at du kan «spasere» rett ut i naturen. Til flotte utsiktspunkt som Saudehornet, Vallahornet, Brekkeheida eller Osokla, til skogsturar langs elvebreidder, til laksefiske, til bær- og soppturar, til fjelldalar som Skorgedalen, Nupadalen eller Longedalen.
 

 

#Sunnmørsalpane

 



 

Fann du det du leita etter?
Login for redigering