Skøyteis i sentrum og ved Vartdal skule

Ørsta brann og redning


Det lagt skøyteis bak Ørstahallen og ved Vartdal skule, og isen er no klart til bruk! Det er ikkje OL-is, så hugs hjelm!


Skøyteis i sentrum

Skøyteisen finn du bak Ørstahallen, over brua.

Kartet viser kvar skøyteisen ligg. Bak Ørstahallen og over brua.



Skøyteis ved Vartdal skule

Etter fantastisk innsats frå folk i bygda og brannvesnet har Vartdal skule fått  seg skøytebane.

Borna og ungdomane kosar seg på isen seint og tidleg. Stor aktivitet og ein flott friminutt- og kveldsaktivitet!
"Stor takk til dei som har sett dette i stand, det blir sett stor pris på av store og små!" takkar rektor Eirik Bech.
 

Kart over kvar skøyteisen på Vartdal ligg.

Følg oss