Tidlegare i år vart det signert samspelkontrakt for fyrste fase for ny sentrumsskule ved Velle skule. Etter det har det vore ein periode med intensivt samspel mellom Ørsta kommune, brukarar av bygget, arkitektar, rådgivarar og K. Nordang. «Dette har vert ein ny måte å gjere det på, med ei samspelsfase, men det har gjeve oss utrulig mykje og moglegheit til å optimalisere bygget» seier assisterande kommunedirektør Eldar Øye.
Avtalen er på 146 millionar, inkludert moms, og inneheld teikningar og dokumentasjon frå samspelsfasen. Frank Flusund er prosjektleiar frå kommunen.
Og i januar 2023 skal det siste huset som står på tomta rivast og i februar startar gravinga og bygginga. Skulebygget er planlagt å stå ferdig sommaren 2024, slik at elevane kan starte i eit nytt bygg same haust.
Nye sentrumsskule skal ha plass til 312 elevar og 43 tilsette. Det er elevar i 5.–7. klasse frå Vikemarka skule og Velle skule som skal inn i det nye bygget. «Det blir godt å få lukka mange avvik, og få flytta elevane som i den siste perioden har fått undervisning i brakkebygg og i Ørstahallen», nemner kommunedirektøren. Det nye bygget får også spesialrom som til dømes sløydrom, kjøkken, musikkrom og naturfagrom, i tillegg til scene/amfi.
«Det er ein stor dag», er Stein Aam og kommunalsjef Kari Flø einige om.
Illustrasjon av skulen sett frå sør.
Fotoillustrasjon
Illustrasjon frå vegkrysset.
Illustrasjon av skulen.