Signering av totalentreprisekontakt for ny sentrumsskulen

Bildet viser dei to partane som signerer kontrakta. - Klikk for stort bileteF.v.: Steffen Løkling, Frode Frøyen, Kjetil Nordang, assisterande kommunedirektør Eldar Øye, kommunedirketør Wenche Solheim, ordførar Stein Aam, kommunalsjef Kari Flø og prosjektleiar Frank Flusund. Ingvild Marie Taraldset


Fredags ettermiddag signerte ordførar Stein Aam totalentreprisekontakt med PEAB K. Nordang, og over nyttår begynner byggeprosessen.

Tidlegare i år vart det signert samspelkontrakt for fyrste fase for ny sentrumsskule ved Velle skule. Etter det har det vore ein periode med intensivt samspel mellom Ørsta kommune, brukarar av bygget, arkitektar, rådgivarar og K. Nordang. «Dette har vert ein ny måte å gjere det på, med ei samspelsfase, men det har gjeve oss utrulig mykje og moglegheit til å optimalisere bygget» seier assisterande kommunedirektør Eldar Øye.

Avtalen er på 146 millionar, inkludert moms, og inneheld teikningar og dokumentasjon frå samspelsfasen. Frank Flusund er prosjektleiar frå kommunen.

Og i januar 2023 skal det siste huset som står på tomta rivast og i februar startar gravinga og bygginga. Skulebygget er planlagt å stå ferdig sommaren 2024, slik at elevane kan starte i eit nytt bygg same haust.

Nye sentrumsskule skal ha plass til 312 elevar og 43 tilsette. Det er elevar i 5.–7. klasse frå Vikemarka skule og Velle skule som skal inn i det nye bygget. «Det blir godt å få lukka mange avvik, og få flytta elevane som i den siste perioden har fått undervisning i brakkebygg og i Ørstahallen», nemner kommunedirektøren. Det nye bygget får også spesialrom som til dømes sløydrom, kjøkken, musikkrom og naturfagrom, i tillegg til scene/amfi.

«Det er ein stor dag», er Stein Aam og kommunalsjef Kari Flø einige om.
 

Bilde viser ein oppteikna illustrasjon av skulen frå sør. - Klikk for stort bileteIllustrasjon av skulen sett frå sør. Bildet viser ein fotoillustrasjon av skulebygge. - Klikk for stort bileteFotoillustrasjon Bildet viser ein illustrasjon av skulebygge sett frå vegkrysset. - Klikk for stort bileteIllustrasjon frå vegkrysset. Bildet viser ein illustrasjon av skulebygge. - Klikk for stort bileteIllustrasjon av skulen.

Følg oss