Ørstaskulen: Digital løysning for å melde frå om utrygt skulemiljø

fv. Oddvar Aalde, Bjørn Osdal, Audhild Baarholm Øye, Odd Einar Fimreite og Geir Lid. Vilde Moltudal Igland

 

 

 

I haust vil Ørstaskulen ta i bruk ei digital løysing der du kan melde frå om utrygt skulemiljø.

Dette kan til dømes vere konfliktar, mobbing, utestenging eller andre krenkingar som har innverknad på skulekvardagen til ein eller fleire elevar. Målet er å fange opp og få stoppa saker så tidleg som råd. 

Du vil finne ein raud knapp med teksta “Meld frå om skulemiljø” øvst på nettsidene til skulane. Knappen ligg også under “Skulemiljø” på heimesidene våre. Alle som får vite om eller ser noko som uroar dei på skule eller skuleveg, kan melde frå om dette her.
 

Slik fungerar det:

 

Stor raud knapp, med teksta: MELD IFRÅ OM SKULEMILJØ. Trykk på knappen for å kome til skjema. - Klikk for stort bilete

 

 

Trykk på knappen og fyll ut skjemaet, deretter klikk på «Send inn». Du vil få ei kode på mobilen. Dette er for å hindre at skjemaet blir misbrukt av uvedkomande. Tast inn koden og klikk OK.

Informasjonen i skjemaet blir då sendt til rektor ved den aktuelle skulen og automatisk registrert i systemet. Du vil få ei kvittering på SMS og epost med saksnummer. Skulen vil ta kontakt med deg så snart som råd.

Det er sjølvsagt framleis mogleg å melde uro for skulemiljøet ved å ta ta direkte kontakt med kontaktlærar, andre tilsette eller leiinga på skulen dersom du heller ønskjer det.

 

Nytt regelverk- nulltoleranse mot mobbing

1. august 2017 vart det vedteke eit nytt lovverk om skulemiljø. Alle elevar har rett til å ha eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring. Det er elevane si eiga oppleving av korleis dei har det på skulen, som er avgjerande.
 

Skulen skal sørgje for at elevane har det trygt og godt på skulen

Alle som jobbar på skulen skal følgje med på at elevane har det bra.  Dersom ein vaksen på skulen veit om – eller mistenkjer – at ein elev blir mobba, plaga eller på andre måtar ikkje har det bra, skal ho eller han alltid

  • gripe inn og stoppe krenkingar med ein gong, dersom det er mogleg
  • melde frå til rektor
  • undersøkje det som har skjedd

Rektor har ansvar for å lage ein plan og setje inn tiltak for at eleven igjen får det trygt og godt på skulen. Dette blir kalla for skulens aktivitetsplikt. Føresette skal få kopi av planen. 
 

Kva dersom ein elev blir mobba av ein tilsett på skulen?

Dersom ein elev opplever å bli mobba eller krenkt av ein lærar eller andre som jobbar på skulen, har skulen eit ekstra ansvar for å følgje opp saka. Rektor skal då varsle skuleeigar, som vil følgje opp saka vidare.
 

Melde saka til Fylkesmannen

Dersom du eller barnet ditt meiner at skulen ikkje har gjort nok for å stoppe krenkingar, kan du melde saka til Fylkesmannen.

  • Først må du ha teke opp saka med rektor på skulen
  • Det må ha gått minst ei veke frå du tok opp saka med rektor
  • Saka må gjelde skulemiljøet på den skulen eleven går på no

Er det helt spesielle tilfelle, kan du uansett ta kontakt med Fylkesmannen. Du må ta kontakt med Fylkesmannen i det fylket du bur. Fylkesmannen i Møre og Romsdal har eit digitalt meldesystem på sine nettsider som du kan nytte.
 

Kva kan Fylkesmannen gjere?

Dersom Fylkesmannen meiner at skulen ikkje har gjort det dei skal, kan dei bestemme kva skulen skal gjere for at eleven får eit trygt og godt skulemiljø. Fylkesmannen skal setje ein frist for når tiltaka skal gjennomførast og følgje opp saka. Dei kan òg gi bøter dersom skolane ikkje følgjer opp.

Informasjon til barn, unge og foreldre om mobbing og rettar

nullmobbing.no finn du informasjon om kva rettar elevar og foreldre har, og kva ein kan gjere dersom ein elev opplever mobbing.  


 

Følg oss