Leik og moro på kurs med Leikepatruljen

Ørsta kommune / Ingvild Marie Taraldset   
I dag var 80 elevar frå 5.–7. trinn frå grunnskulane i Ørsta med på leik og moro for å bli kursa til Leikepatrujen.

«Leikepatruljen er eit prosjekt for å styrke den sjølvstyrte uteleiken i skulen, med særleg fokus på rørsle, å inkludere, vere kreativ og å ta initiativ til leik.» – Sunnmøre friluftsråd

Elevane som var med i Ørstahallen denne fredagen vart kursa til å bli «Patruljeførarar» og introduserte til nye spennande leikar som dei testa ut. Det var mykje aktivitet i hallen og elevane var engasjerte. Ein av leikane gjekk ut på å kaste ein rispose eller ball til ein elev som stod på eit av dei korta som låg stødd utover hallen. Klarte denne eleven å ta imot risposen/ballen fekk laget kortet. Laget med flest kort vann.

Elevane fekk nøye forklart reglane til dei seks ulike leikane dei lærte denne dagen. Ørsta kommune / Ingvild Marie Taraldset
Leikepatruljen er ei inspirasjonssamling for elevar, som er under prosjektet  «Slå på ringen – uteleik for betre folkehelse» i regi av Sunnmøre friluftsråd. Dei ynskjer å inspirere til enkel og variert uteleik - til latter, robust rørsle, raude kinn og å kjenne på gleda av å leike ilag ute.

Meir informasjon om Leikepatruljen

Følg oss