Innskriving skuleåret 2023/2024

 

Ørsta kommune er i gong med planlegginga av skuleåret 2023/2024. 

Alle skulepliktige born skal innskrivast, også born som fekk vedtak om utsett skulestart førre skuleår.

  • Kommunen vil fatte eit vedtak om skuleplass på næraste skule,  jf. opplæringslova § 8-1.
  • Borna blir plassert etter folkeregistrert adresse. 
  • Alle som skal byrje i 1. klasse hausten 2023 vil få eit brev med tildeling av skuleplass. 
    • Dette brevet blir sendt ut 9. januar.
    • Føresette må logge seg inn i Ørsta kommune sin Oppvekstportal for å svare på dette tilbodet.
    • Alle må gi eit svar.
    • Svarfristen er 30. januar.
       

Brev med endelig tildeling av skuleplass blir sendt ut om lag 1. mars.
Ørsta kommune si forskrift om tildeling av skuleplass finn du her. 
  

Ta kontakt med Ørsta kommune, Oppvekst, kultur og inkludering ved Bjørg Engeset Gjersdal eller Mari-Anne J. Aarskog om det er noko de lurer på.

  

  

Kontakt

Bjørg Engeset Gjersdal konsulent
94840986
@ Bjørg Engeset Gjersdal
Mari-Anne Aarskog rådgjevar
40583293
@ Mari-Anne Aarskog

Følg oss