Innskriving skuleåret 2019/2020

Klikk for stort bileteØrsta kommune er i gong med planlegginga av skuleåret 2019/2020­. Alle skulepliktige born må innskrivast, også born som fekk vedtak om utsett skulestart førre skuleår.

Kommunen vil fatte eit vedtak om skuleplass,  jf opplæringslova § 8-1.

Alle som skal byrje i 1. klasse hausten 2019 vil få eit brev med tildeling av skuleplass.

Dette brevet blir sendt ut i starten av februar. Føresette må logge seg inn i Ørsta kommune sin «Oppvekstportal» for å besvare dette tilbodet. Alle må gi eit svar. Svarfristen er tre -3- veker.

Brev med endelig tildeling av skuleplass blir sendt ut ca 20 februar
Ørsta kommune si forskrift om tildeling av skuleplass finn du her.

Ta kontakt med Ørsta kommune, seksjon skule ved Toril Romestrand Hjelle eller Bjørg Gjersdal viss det er noko de lurer på.