Brannøving: Anders hovden-gata

Måndag 23. september, mellom 18.00 – 20.00, vil Ørsta brann og redning ha ei større kjemikalieøving i Anders hovden-gata/ krysset til Ørsta ungdomsskule.

Det vil bli sirener og blålys. Les meir

Indrehovdevegen stengt, omkøyring via Aasen-tunet

Klikk for stort bilete

Indrehovdevegen vert stengt for gjennomkøyring frå og med i dag, fredag 16.05. vegen vert stengt ved Indrehovdevegen 92.

Skulevegen stenger igjen

Sidan skulane opnar måndag 19. august, vert det no heller ikkje mogleg med omkøyringsveg via Skulevegen forbi Hovden skule. Det er ikkje tillate å ha trafikk gjennom skuleområde etter skulestart. Dette betyr at einaste tilkomst med bil til Hovden skule og Hovdebygda barnehage vert via Indrehovdevegen frå vest - forbi Ivar Aasen-tunet. Det er venta at stenginga vil kunne vare i om lag 14 dagar. 

Kvifor stengjer vi?

Stenging skuldast arbeid med opprusting av veg, fortau og vassleidning i Indrehovdevegen. Ørsta kommune beklagar ulempa dette måtte medføre. Etter at arbeidet er ferdig i løpet av hausten, ser vi fram til å kunne opne ein heilt ny veg med gode fortau til glede for alle innbyggjarane, skulen, barnehagen og næringslivet i området. Ein reknar med at alt arbeid skal vere ferdig i løpet av eit par månader. 

Hald deg oppdatert

Det vil kome nye endringar i køyremønsteret framover etter kvart som arbeidet skrid fram. Dettee vert også annonsert på kommunen si heimeside så vi vil be om at alle som nyttar desse vegane følgjer med her. 
 

Fann du det du lette etter?