Elevane si opning av nye Sæbø skule

Siv Katrin Wangen

Torsdag 27. oktober vart det holdt ei uoffesiell opning av nye Sæbø skule for elevane.

Elevrådet klipte snor og heldt tale, og elevar frå 9. klasse song Bondalssongen av full hals. Ordføraren besøkte skulen for å vere med å gjere stas på elevane si opning. Etter taler og song var det klart for kakefest, der 10. klasse serverte marsipankake og sjølvlaga sjokoladekake til heile skulen. 

Offisiell opning vert først i mars/april når heile prosjektet er ferdigstilt.

Følg oss