Miljøfyrtårn-diplom til Lånekassen

Ordførar Stein Aam delte tysdag 4. oktober ut miljøfyrtårn-diplom til Lånekassen avd. Ørsta.

Lånekassen er den 14. verksemda i Ørsta kommune som har fått miljøfyrtårn-sertifisering. «Vi er veldig stolte av dette», seier leiar Laila Aarset, vidare fortel ho at «Lånekassen har 75års-jubileum i år og vi hadde som mål å få alle Lånekassen-kontora sertifisert – og det målet nådde vi i juni.» Lånekassen har kontor i Trondheim, Ørsta, Bergen, Oslo og Stavanger.

Sertifiseringa
Miljøfyrtårn er Noregs mest nytta miljøsertifikat og eit anerkjent og effektivt verktøy for miljøleiing og dokumentasjon på at drifta har eit kontinuerleg fokus på miljø og bærekraft, som også er kvalitetssikra av ein tredje part. Kriteria ein blir sertifisert etter er tilpassa drifta og Lånekassen vart no sertifisert etter felleskriteria og som leigetakar. Fokus her er på innkjøp, avfall, transport, energi, arbeidsmiljø der ein systematisk set seg nye ambisiøse mål og arbeider mot dei. Leiar Laila Aarset legg vekt på at dei hadde mykje på plass frå før, men måtte systematisere arbeidet og få oversikt for å bli miljøfyrtårn.  

Kamp om å behalde Ørsta-kontoret
Det har vert ein kamp å for å behalde kontoret og arbeidsplassane i Ørsta. I 2016 var det trua til å bli nedlagt, men ordføraren hadde ein sterk politisk kamp om behalde det og den kampen kom Ørsta sigrande ut frå. Sidan den tid har antalet på tilsette over dobla seg, og dei har flytta frå lokalet «Slakteriet» på Vikeøyrane til nye, flotte lokale på Ørsta Torg.

Sertifiseringa var feira med kaffi og sjokoladekake.

Ørsta kommune / Ingvild Marie Taraldset

Følg oss