Bli med på Vårryddedagen!

Elevar frå Ørsta ungdomsskule har rydda mykje avfall på Raudøya. - Klikk for stort bileteElevar frå Ørsta ungdomsskule har rydda mykje avfall på Raudøya.

 

På Vårryddedagen 13 mars går heile Noreg saman om å rydde nærområdet sitt for avfall.

Vi oppmodar til å rydde saman i små grupper, med din familie, kohort eller åleine. Dersom mange bidreg vil sjølv små ryddeaksjonar utgjere ein stor forskjell!

Avfall frå ryddeaksjonar kan leverast på til VØR året rundt. Dersom ein treng ryddeutstyr, som hanskar og sekkar, får ein dette gratis på miljøstasjonen i Hovdebygda. Dersom du treng hjelp med transport av avfall, kan Småjobbsentralen i Ørsta hjelpe deg med dette.

På nettsida Rydde kan du opprette eigen aksjon eller melde frå om områder som treng litt ekstra merksemd. Når du opprettar eigen aksjon, får du ei aksjonskode. Denne må du oppgi i vekta på milljøstasjonen når du leverer avfall frå ryddeaksjonar. 

Avdeling Liadal/Raudøya på Ørsta ungdomsskule tek ein skikkeleg vårryddedugnad på Raudøya heile veka. I løpet av veka er nærare 30 elevar innom og har sin dag med rydding. Dei skal prøve å rydde rundt heile Raudøya.

Elevar frå Ørsta ungdomsskule har vårrydding på Raudøya heile veka.  - Klikk for stort bileteElevar frå Ørsta ungdomsskule har vårrydding på Raudøya heile veka.

Kontakt

VØR - Volda og Ørsta reinhaldsverk www.vor.no
70048600
@ VØR - Volda og Ørsta reinhaldsverk

Følg oss