Ny fartsforskrift i sjø

Klikk for stort bilete

Frå 1. mars 2019 gjeld ei ny fartsforskrift i sjø om maks 8 knops fart i eit belte på 100 meter frå land, øyer og holmar. 

Lovdata

Kystverket har godkjent kommunestyret si lokale forskrift om fartsgrense på 8 knop innanfor 100 meter frå land i heile kommunen. Bakgrunnen er oppheving av det nasjonale regelverket om vass-scooter og overføring av ansvaret for regulering av ferdsel til kommunen. Fartsgrensa gjeld likevel alle typar fartøy i samsvar med den nasjonale fartsforskrifta. 


Føremålet er å unngå konflikt mellom ulike brukargrupper. Det er lagt vekt på at det er både  vilt- og friluftsinteresser til områda nære land, i tillegg til bustadar og hytter.  
Det vil verte sett opp skilt som syner fartsgrensa. 
 

Fann du det du lette etter?