No kan du påverke busstilbodet!

Illustrasjonsbilete

Volda og Ørsta ønskjer å utvikle og styrke kollektivtilbodet i området. Kommunane har i samarbeid med fylkeskommunen starta eit eittårig prosjekt for å kartlegge og kome fram til tiltak for å betre kollektivtilbodet.

Brukarundersøking

 

Dette kan også du påverke, i første omgang ved å delta i ei brukarundersøking i perioden 6-19. mai, klikk på linken ovanfor. Undersøking tek ca 5 minutt å svare på. Viktig at flest muleg deltek, både dei som tek buss og dei som ikkje tek buss. Kva kan gjerast for at du skal ta bussen?!

Prosjektet vil involvere ulike brukargrupper fram til hausten, og vil legge fram konkrete tiltak til fylkeskommunen som har ansvar for busstilbodet. Kom gjerne også med innspel om andre tiltak for auka kollektivbruk/redusert biltransport, som sykkel/el-sykkel, samkøyringsappar/ny teknologi og anna tilrettelegging.

Følg oss